Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Oppdrag som foreldremeklar

Bufetat

  • Søknadsfrist 16.08.2026
  • Ansettelsesform Engasjement

Vegen vidare saman – foreldremekling i praksis.Vi ser at arbeidet vårt nyttar!

Om stillinga og arbeidsstaden

Vi treng ein meklar som er tilsett som fagperson i offentleg helse- og sosialinstans på Voss.

Arbeidsoppgåver

Foreldre med barn under 16 år må møte til mekling dersom dei flyttar frå kvarandre. Målet med meklinga er at foreldra skal komme fram til ei avtale om foreldreansvar, fast bustad og samvær. Avtala skal ta utgangspunkt i kva som er best for barnet. Foreldra må også møte til mekling før sak om foreldreansvar, fast bustad eller samvær kan bringast inn for domstolen. Plikta er lovbunden og følgjer av ekteskapslova og barnelova.

Dei fleste meklingane vert utførte av meklarar tilsette i familievernet. For å ha eit tilstrekkeleg dimensjonert meklarkorps, knyter Bufetat i tillegg til seg eksterne meklarar ved behov.

Kva bakgrunn har du?

  • Advokatar, psykologar, psykiatarar, prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn, eller fagpersonar tilsette i offentleg helse- og sosialinstans eller ved pedagogisk-psykologisk tenestekontor, kan få bevilling som ekstern meklar.
  • Meklaren må ha gode kunnskapar om vaksne og barn sine reaksjonar i og etter samlivsbrot, samt vere godt orientert om relevante faglege og juridiske problemstillingar. Før løyve vert gitt, må kandidaten delta på obligatorisk grunnkurs for meklarar og hospitere ved det næraste familievernkontoret.
  • For fagperson i offentleg stilling er det ein føresetnad at arbeidsgjevar tar på seg arbeidsgjevaransvar for meklaren. Arbeidsgjevaren, arbeidstakaren og Bufetat må inngå ei avtale om dette.

Opplysningar til deg som søkjar

  • Honorar vert gitt etter faste satsar. 
  • Oppdrag etter behov.

Kva skal søknaden din innehalde? 

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Familierett
  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Pedagogisk psykologi

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.

I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.

Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. 

Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg, Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Advokat, Prest, Psykolog
Bufetat logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Tore Lied
  • Stillingstittel: Seniorrådgjevar/ jurist
  • Mobil: 46 61 89 97
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Alice Tunestveit
  • Stillingstittel: Einingsleiar
  • Mobil: 46 61 89 02
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)
  • Flere stillinger fra BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

5354 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten) logo

BUFETAT (Barne,- ungdoms- og familieetaten)

Vil du jobbe hos oss?
  • Følg oss på Facebook
  • Følg oss på LinkedIn
Besøk hjemmesiden vår.

Firmaets beliggenhet

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 469151008
  • Sist endret 7.7.2026, 11:03
Rapporter annonse