
Bildegalleri
KIPE 🧺 kom med bud ☺️🌺
Til salgs
1 kr
Beskrivelse av varen
Kipe (sponkorg) er ei fletta korg som kan berast på ryggen eller hengast som kløv på hesteryggen. Heilt opp til vår tid har jordbruket brukt kiper til transport av varer. Når ein skulle bere heim fiskefangsten tok ein ofte og la frisk torvmose lagvis i kipa. Torvmosen inneheld eit svakt bakteriedrepande stoff som gjer at matvarar held seg friske lenge. Kipa var god å ha i dei bratte skråningane på vestlandet. Den var brukt til å bere høy, potet, eple, ved og husdyrgjødsel m.m. Langs kysten var også tang mykje brukt til gjødsel og for. Då var kipa ofte brukt til å hente tangen frå tangvollane. I boka »Gamle ferdselsvegar frå Eidsvåg over Hardangervidda» av Per Bremnes står det: «Nesten all jord og grus måtte berast fram i kiper over Normannsleipa». Kipa var og brukt inne i huset til oppbevaring av mat eller kle .
Kipa har trebotn med hol til å feste spiler i. Spilane er flate. Kipa skal vere vidare oppe enn nede. Flettinga går i spiral. Kipa kan ha handtak eller anna forsterking som er festa til spilane td skinnreimer eller tau for å kunne bere på ryggen
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.7.2026 kl. 21:27 ・ FINN-kode: 469027717


