Bildegalleri
Fuji Jari 1.1 Carbon – Ultegra RX – Str. 56 – ca. 8,5 kg
Til salgs
15 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Sykkeltype: Grus
Kjønn: Herre
Sel ein svært pen Fuji Jari 1.1 Carbon i storleik 56.
Sykkelen vart kjøpt ny hos Birk Sport i 2019 (levering hausten 2019 grunna forseinkingar hos Fuji) og har derfor i praksis vore brukt i sesongane 2020–2024. Vinteren 2025 kjøpte eg ny sykkel, og denne har difor blitt ståande.
Eg er første og einaste eigar. Sykkelen har aldri vore involvert i velt eller uhell, og har alltid vore oppbevart innandørs. Strava viser totalt ca. 3.960 km, noko som er relativt lite for ein sykkel av denne typen.
Sykkelen er nyvaska og klar til bruk.
Spesifikasjonar
* Fuji C15 Ultra High Modulus Carbon-ramme
* Storleik 56
* Vekt ca. 8,5 kg (utan pedalar og flaskehaldarar)
* Shimano Ultegra RX 2x11 girsystem
* Shimano Ultegra hydrauliske skivebremsar 160mm
* FSA Omega Adventure krank 46/30T
* Shimano 11–34 kassett
* Originale WTB-hjul
* Oval karbon setepinne
* Oval sete
* Gjennomgåande aksling framme og bak
* Mange festepunkt for bike-packing
Dekk
Sykkelen står i dag med 32 mm landeveisdekk, då han dei siste åra hovudsakleg har vore brukt på asfalt. Dette gir ein rask og komfortabel sykkel på landeveg, som fungerer godt på grusveg.
Originalt vart modellen levert med 43 mm graveldekk på dei same felgane, så ny eigar kan enkelt setje han tilbake til eit meir klassisk gravel-oppsett dersom det er ønskjeleg.
Pedalar
Eksklusive Exustar PR200CKTI landevegspedalar følgjer med. Desse vart kjøpt nye og har fulgt sykkelen. Dette er lette pedalar med titanaksling.
Tilstand
* Ca. 3.960 km dokumentert via Strava.
* Gir og bremsar fungerer som dei skal.
* Ingen kjende feil eller manglar.
* Berre normal kosmetisk bruksslitasje.
Seljast utelukkande fordi eg har kjøpt ny sykkel, og denne blir derfor ikkje brukt lenger.
⸻
Nypris ca. 34.000 kr.
Pris: 15.000 kr.
Må hentes!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.7.2026 kl. 16:22 ・ FINN-kode: 468899024
