Bildegalleri

Huset sett frå vegen

Liten einebustad med stor tomt i Vats - renoveringsprosjekt

Prisantydning690 000 kr
Totalpris
719 740 kr
Omkostninger
29 740 kr
Fellesgjeld
0 kr
Felleskost/mnd.
0 kr
Formuesverdi
250 000 kr
Hva er denne boligen solgt for tidligere?Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Selveier
Soverom
2
Bruksareal
56 m²
Etasje
1
Byggeår
1968
Rom
4
Tomteareal
2 000 m²

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Barnevennlig
Fiskemulighet
Garasje/P-plass
Peis/Ildsted
Rolig
Turterreng
Utsikt

Visning

Ta kontakt for privatvisning. Velkommen!

Beskrivelse

Me sel no Ågotstugu på Kjellargard som fråskild einebustad med eiga tomt på om lag 2 mål. Stort potensialet.

Eigedomen ligg lunt til for vind, samstundes som han har ei glimrande utsikt. Grunna terrenget er det verken innsyn frå eller til naboar.

Huset er enkelt, med to soverom og stove og kjøkken i eitt. Under kjøkkenet er det eit kaldt tørrvarelager. Der finst og eit kaldloft til generell lagring - som er lågt under taket. Det må reknast med større utbetringar for å få huset godt å bu i, men det finst både vatn og straum. På sikt bør ein rekne med å bore etter eige vatn, sidan brønnen ligg på Langegard-grunn og ikkje kan garanterast som varig vasskjelde. Avløp og septiktank må òg utbetrast/etablerast. I dag er det avløpsrør ned til betongkum. Kommunen opplys at utbetring vil bli påkrevd etterkvart.

På eigedomen står det eit utbygg med god plass til lagring. Hagen har mykje bringebærbuskar og anna som kan gi gode avlingar, men han treng stell.

Me er i 30-åra med små ungar, og bur sjølve på nabogarden Øvre Langegard og ønskjer oss gode naboar. Difor håpar me eigedomen kjem til nokon som ser verdien i staden og har lyst til å ta vare på han vidare.

Ved interesse kan me òg avtale moglegheit for fiske i Vatsfjorden, veduttak til eige bruk og tilleggsbeite, til dømes for geiter eller ein hest. Dette vil i så fall vere tidsavgrensa ordningar som blir nærare regulerte i eiga avtale.

NB. Det er buplikt på eigedomen.

Beliggenhet

Huset ligg i overkant av grendevegen i Vats. Sol gjennom heile vinteren, og veldig fin kveldssol om sommaren. Moglegheiter for kjøkkenhage. Utsikt mot Hallingskarvet og over Vatsfjorden. Svært lunt for vind.

7min med bil til barnehage og barneskule i Leveld, på veg til Ål sentrum. Vakker natur i umiddelbar nærleik, og fin badeplass ved idrettsplassen ved Vatsfjorden.

Utfyllende informasjon om fellesgjeld og felleskostnader

Formuesverdi er berre eit annslag.

Vesentlige opplysninger

Huset treng omfattande renovering. Det er lite, og på ein etasje, noko som kan gjere dette til eit overkomeleg prosjekt. Taket på baksida hadde noko manglande takpapp når me overtok. Her har vi spikra på kobberplater som midlertidig tettning. Det betyr nok også at veggen under taket som er skada har fått noko vatn i seg. Deler av gulvet på kjøkken/stove har fuktskader. Sannsynligvis av noko som har vore lagra på golvet over lang tid. Taket ser fint ut over fuktskade. Toalettet har frostsprengt.
Taket forøverig består av eternittplater - noko som truleg betyr at desse bør byttast.

Selger har ikkje budd på eigedomen sjølv, og har ingen kunnskap om huset. Det er tilrådelig å ha med byggkyndig fagperson på visning for å få best mogleg innsikt. Selges som renoveringsprosjekt.

************************************
Me skal selje eigedomen gjennom meklartenesta Propr.no. Her er det hendelsesforløpet slik me ser det for oss:

1. Fyrste visning 1. august.
2. Tomta vert matrikkelført medio august av Ål kommune, og Propr.no treng 1-2 veker for å ferdigstille nødvendig dokumentasjon.
3. Digital bodronde startar om ikkje kjøp er avtalt privat allereie.
4. Overtakelse tidlegast medio september.

Ta kontakt med selger for komplett informasjon

Nærområdet

Profilinfo

Annonseinformasjon

FINN-kode468777691
Sist endret09. aug. 2026 21:46

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.