
Bildegalleri
Utleige av hjortejakt i jaktvaldet Kvam-Ugulsvik på Hafslo for 2026
Til salgs
Beskrivelse av varen
Valdet ligg på nordsida av Hafslovatnet/ Veitastrondsvatnet og er ca 12 500 mål stort (vald 4644 v0012). Her følgjer lenke til kart over området: https://kommunekart.com/?urlid=d1f3c7e8-8c9d-4a87-ae24-258ca1ecfc53
Merk at leiga gjeld kun 1 år (2026).
Statistikk finn ein på hjorteviltregisteret.
Det er muleg å bruke laushud etter 1. oktober. Det krevst framlagt sauereinheitsbevis. Det er også krav om ettersøksavtale.
Valdet består av varriert terreng, frå bratte leier til flate områder beståande av furu, bjørk og myr. Det er fleire vegar som går inn i terrenget, desse kan brukast mot betaling (bomveg). Det er også tilkomst til terrenget frå Veitastrondsvegen.
Utleige av hjortejakta består av 13 stk hjort, og er avgrensa til 3 vaksne hanndyr, 4 koller, 1 spissbukk og 5 kalvar. Med jakta føl og småviltjakt i tidsrommet hjortejakta pågår. Det er godt med hare, orrfugl og litt storfugl i terrenget.
Jakta blir utleigd til høgstbydande (lukka bud) innan 24. juli 2026 kl 12. Fellingsavgift kjem i tillegg.
Bud sendast til Anne Britt Hjelmeseter via melding her på finn.no
Merk at framleige ikkje er tillatt. Ved evt spørsmål ta kontakt med Nils Arne Skjerven tlf 91757983.
Det er fleire sel/hytter i området, som det kan vere mulegheit for å leige. Elles er det også fleire mulegheiter for overnatting i Hafslo.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.7.2026 kl. 22:55 ・ FINN-kode: 468730354




