Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Kristiansund
Bilde fra arbeidsgiver

Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi

Helse Møre og Romsdal HF

  • Frist 02.08.2026
  • Ansettelsesform Fast

Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi

Vil du vere ein del av teamet vårt? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt ingeniør/teknikar til Seksjon for Medisinsk teknologi i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dette er ei spanande stilling der du får jobbe med vedlikehald/service og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr av ulike typar og teknologi.

Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på SNR Hjelset og SNR Kristiansund med tilhøyrande institusjonar.

SNR Kristiansund har eit breitt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Det ligg planar for ombygging og tilpasning, noko vi på medisinsk-teknisk er sterkt involvert i. SNR Hjelset er eit nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Du vil arbeide i sjukehus med mykje nytt utstyr og mange nye og spanande løysingar.

Stillinga dekker heile forvaltningsområdet, og oppmøtestad kan variere etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Utføre mottakskontroll, akutte reparasjonar og planlagt vedlikehald, samt omdisponering av MTU
  • Dokumentere og ajourføre utført arbeid og informasjon for MTU i FDV-systemet Medusa
  • Utarbeide risikovurderingar for planlagt vedlikehald av MTU
  • Delta i innkjøpsprosessar og prosjekt ved utskifting og innkjøp av nytt MTU eller ombygging
  • Gi støtte til brukarane av MTU og samarbeide tett med klinikkane om deira behov for MTU-tenester
  • Delta i kvalitetsarbeid innan MTU-området
  • Vedkomande som blir tilsett må rekne med noko reising i samband med kurs og møter
  • Det kan vere aktuelt med deltaking i beredskapsordning/heimevaktsordning for MTU

Kvalifikasjonar

  • Universitet/høgskule/teknisk fagskule helst innanfor følgande studieretningar:
    * elektronikk/automatiseringsteknikk/medisinsk teknologi/IT
    * anna relevant kompetanse kan bli vurdert
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med service/vedlikehald av MTU
  • Det er ønskeleg at du har samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for sjølvstendig å kunne utføre reparasjon av elektromedisinsk utstyr
  • Det er ønskeleg med kompetanse innan IKT og datanettverk
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst, systematisk, fleksibel og omgjengeleg
  • Du har positiv serviceinnstilling og er engasjert, imøtekomande og påliteleg
  • Du har genuin interesse for å hjelpe andre med å lykkast
  • Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du må ha ei grunnleggande interesse for teknologi
  • Du må ha gode evner til å kommunisere med brukarar av MTU, leverandørar og andre samarbeidspartar internt og eksternt

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande oppgåver i eit fagfelt med moderne avansert medisinsk teknisk utstyr i kombinasjon med IKT-fag
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Ferdigheter
AI-generert

  • Automasjon
  • Elektronikk
  • Engelsk
  • Norsk
  • Reparere medisinske enheter
  • Risikoanalyse
  • Vedlikehold av teknisk utstyr

Om arbeidsgiveren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Medisinsk teknolog, Teknisk personell
  • Arbeidsspråk: Norsk
Helse Møre og Romsdal HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Magnar Kristen Kongsrud
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 41 60 80 55
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Helse Møre Og Romsdal Hf

278 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Helse Møre Og Romsdal Hf logo

Helse Møre Og Romsdal Hf

På lag med deg for helsa di!
  • HjemmesideFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • LinkedInFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468699164
  • Sist endret 2.7.2026, 15:33
Rapporter annonse