Her er du

FINN/Jobb/Søk/Oslo/Sogn
Bilde fra arbeidsgiver

To-årig stilling som prosjektleiar

Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Frist 12.8.2026
  • Ansettelsesform Prosjekt

Vil du bidra i prosjektet for å ordne dei historiske arkiva til Kultur- og likestillingsdepartementet?

Om stillinga

Har du kunnskap om eller bakgrunn i arkivfag eller historie? Har du lyst til å jobbe med ordning av arkiv med stor historisk verdi? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein prosjektleiar til prosjektarbeid i to år. 

Stillinga passar for deg som liker systematisk arbeid, og som har interesse for og innsikt i statsforvaltninga og kjennskap til arkivfaglege prinsipp. 

KUD skal ordne papirarkiva sine og lyser derfor ut ei stilling som prosjektleiar. Prosjektgruppa skal ha ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Oppstart etter avtale.

Målet for prosjektet er at papirarkiva til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet. Arkiva skal ordnast og listeførast i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv.

Arbeidsoppgåver

  • organisere og leie prosjektet
  • sørgje for at arkiva kan leverast til Nasjonalarkivet
  • sakshandsaming innanfor ansvarsområdet til stillinga
  • delta i samarbeidsmøte med, og rapportere til, departementet
  • utarbeide bevarings- og kassasjonsvurderingar i samarbeid med departementet 

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule (minimum bachelornivå), til dømes i arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, samfunnsvitskap eller historie.
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring med ordning av papirarkiv
  • erfaring frå prosjektleiing eller deltaking i prosjektretta arbeid
  • kunnskap om relevant lovverk
  • gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • god rolleforståing

    Det er ein fordel om du har erfaring frå arkiv i offentleg sektor, og gjerne frå departementsarkiv

    Søkjarar må kunne autoriserast til nivået «BEGRENSET» i tråd med sikkerhetsloven

Vi søkjer deg som:

  • er løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og gode samarbeidsevner
  • er strukturert og har evne til å planleggje og gjennomføre større komplekse prosessar
  • er initiativrik og er ein positivt bidragsytar til arbeidsmiljøet
  • har stor arbeidskapasitet og evner å drive arbeid framover på ein strukturert måte

Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.

Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.

Vi tilbyr

  • ein spennande jobb med eit svært interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KUD
  • moglegheit for sjølvstendig arbeid
  • eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplass på Sognsvann
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit til å trene i arbeidstida
  • eiga bedriftshelseteneste
     

Stillingskode og lønn:

  • 1113 Prosjektleiar
  • Årslønn frå kr 660 000 til kr 870 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
     

Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkarliste og kontakt

Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, kontorsjef, på e-post: ida.tobro@kud.dep.no 

Om avdelinga og seksjonen

Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap.

Eininga for dokumentasjon har ansvaret for dagleg drift og utvikling av arkiv og dokumentasjonsforvaltning i departementet og skal sørgje for at rutinar og dokumenthandtering er i tråd med gjeldande reglar og instruksar.

Ferdigheter
AI-generert

  • Arkivkunnskap
  • Dokumentasjonsforvaltning
  • Kjennskap til arkivloven
  • Lede utviklingsprosesser
  • Offentlig forvaltning
  • Ordning og registrering av papirbasert arkivmateriale
  • Prosjektrapportering
  • Protokolledelse

Om arbeidsgiveren

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.  

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Sognsveien 221, 0862 Oslo
  • Bransje: Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Prosjektledelse

Nøkkelord

prosjektleiing, arkivfag, historie, dokumentasjonsforvaltning

Kultur- og likestillingsdepartementet logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Ida Tobro
  • Stillingstittel: Kontorsjef
Send melding
  • Bli kjent med Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Kultur- og likestillingsdepartementet

1757 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Kultur- og likestillingsdepartementet logo

Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartement
  • Karriere i KUDFirkant med pil som peker oppover mot høyre
  • FacebookFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Sognsveien 221, 0862 Oslo

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 468596690
  • Sist endret 2.7.2026, 09:42
Rapporter annonse