Direktør
Det Norske Teatret
- Frist 12.8.2026
- Ansettelsesform Fast
Det Norske Teatret søkjer direktør
Det Norske Teatret er nynorskens nasjonalteater i hovudstaden og ein av dei mest sentrale scenekunstinstitusjonane i landet. Sidan 1913 har teateret vore ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og mangfald. Med fire scener i Oslo speler vi for eit breitt og mangfaldig publikum. I 2025 hadde teateret om lag 210 000 besøkande.
No søkjer vi ein direktør som vil vere med og utvikle denne tradisjonen vidare.
Teateret skal vere eit djervt, ope og engasjerande teater, med nynorsk som scenespråk og dialektane som ein naturleg del av uttrykket. Språkoppdraget er ein levande del av samfunnsrolla, kunsten og framtida vår.
Direktøren har ei nøkkelrolle i å sikre dei organisatoriske, økonomiske og tekniske rammene for scenekunst på høgt nivå. Du skal leie og utvikle drifta av ein stor og kompleks kulturinstitusjon med 240 tilsette, i tett samarbeid med teatersjefen, leiargruppa, tilsette, tillitsvalde og styret. Teateret har ein toleiarmodell, der teatersjefen er øvste leiar.
Vi søkjer ein trygg, tydeleg og samlande person med leiarerfaring. Det er ein fordel om du har arbeidd med mellom anna økonomistyring, personalleiing, organisasjonsutvikling og samarbeid med tillitsvalde.
Det Norske Teatret er landets største nynorskinstitusjon. Direktøren må difor meistre nynorsk som arbeidsspråk og vere ein pådrivar for at nynorsken har ein sterk og naturleg plass i heile verksemda, og for at tilsette brukar og vidareutviklar språket i tråd med teaterets samfunnsoppdrag.
Den rette kandidaten har god forståing for eigenarten og samfunnsrolla til Det Norske Teatret, og ser korleis kunstnarisk utvikling, publikumsarbeid, organisasjon, teknologi og økonomi heng saman. Du har strategisk kapasitet, god rolleforståing og evne til å representere teateret på ein klok måte, i dag og i framtida. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Du vil vere med på å forme utviklinga av ein av landets viktigaste kulturinstitusjonar i eit samfunn og eit kunstfelt i endring.
Løn etter avtale.
Opplysningar om stillinga kan du få hos styreleiar Trine Skei Grande, tel. 906 00 731, eller hos våre rådgjevarar i BackerSkeie, Ann-Kristin Nyrønning, tel. 92085397/Ingunn Lian, tel. 992 52 475.
Søknad med CV skal leggjast inn via «Karriere» på www.backerskeie.no så snart som råd og seinast 12. august 2026.
FerdigheterAI-generert
- Konsernledelse
- Nynorsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det Norske Teatret er nynorskens nasjonalteater i hovudstaden og ein av dei mest sentrale scenekunstinstitusjonane i landet. Sidan 1913 har teateret vore ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og mangfald. Med fire scener i Oslo speler vi for eit breitt og mangfaldig publikum. I 2025 hadde teateret om lag 210 000 besøkande.
- Sektor: Privat
- Sted: Kristian IVs gate 8, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur, Underholdning
- Stillingsfunksjon: C-nivå-leder, Ledelse
Nøkkelord
Leiarskap, Nynorsk, Kulturinstitusjon, Samfunnsoppdrag, Scenekunst
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468428382
- Sist endret



