Bildegalleri
ukastrert hannkatt søker ny heim
Til salgs
100 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 2 år
Gubben søker ein ny heim, då han dessverre ikkje går overeins med dei to andre kattane våre.
Han er rundt 2 år gammal og bur ute i låven hos oss på garden. Vi trur han vil trivast best som gardskatt på ein plass der han kan få vere mykje ute og sleppe å dele område med fleire kattar.
Gubben er ikkje van med kattedo, og han er litt skeptisk til framande. Ein ny eigar må rekne med å bruke litt tid på å byggje tillit før han blir trygg. Når han først kjenner deg, er han pratsam og likar å halde seg i nærleiken. Han er derimot ikkje særleg glad i å bli løfta opp eller bli klappa av fremmede. Kanskje det kan endre seg med tid og tolmod, men det kan vi ikkje garantere.
Til gjengjeld er Gubben ein super musejeger og gjer ein flott jobb på garden.
Vi ønsker at han skal få ein god og varig heim der han kan trivast og få leve eit godt katteliv.
Send melding ved eventuelle spørsmål 😊
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.6.2026 kl. 16:13 ・ FINN-kode: 468225763
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt