Bildegalleri
Portugisisk vannhundvalper ventes i juli
Til salgs
25 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 8 uker
Portugisisk vannhundvalper ventes i juli 2026
Vi ventar eit kull portugisisk vannhundkvalpar i midten av juli 2026. Kvalpane er etter Saga (Isostar's Susannah) og Elmer (Isostar's Dripping Dagger), og vil vere leveringsklare i september 2026.
Dette blir det første kullet i vår nyoppstarta kennel Sagalita. Målet vårt er å avle fram sunne, trygge og rasetypiske hundar med godt gemytt.
Vi bur på ein fjellgard i nærleiken av Dale i Sunnfjord, der kvalpane får ein trygg og variert start på livet.
Kvalpane vil bli godt sosialiserte frå første stund. Dei veks opp i huset saman med familien vår, der dei blir vane med daglegdagse lydar, barn, bilkøyring og ulike miljø. Når vêret tillet det, vil dei òg få utforske uteområdet på garden.
Foreldredyra
Begge foreldra er helsetesta i tråd med Norsk Portugisisk Vannhundklubb og NKK sine anbefalingar.
DNA-testar for raserelevante sjukdomar er gjennomførte.
Elmer er fri for alle testa sjukdomsgen.
Saga er bærar av prcd-PRA, medan Elmer er fri. Dette betyr at ingen av kvalpane vil utvikle prcd-PRA.
Begge er HD-røntga med godkjent resultat.
Begge er øyelyste utan funn.
Saga – Isostar's Susannah:
Saga er ei 5 år gammal tispe med eit roleg og stabilt gemytt. Ho er lydig, lettlært, glad i familien sin og trivst godt på tur. Ho har fått trening i kvardagslydighet og litt utstilling, og har oppnådd gode kritikkar på utstilling.
Elmer – Isostar's Dripping Dagger:
Elmer er ein 3 år gammal hannhund som bur på Hamar. Han er ein trygg, sosial og tillitsfull hund som blir brukt som besøkshund. Han har delteke på fleire utstillingar med svært gode resultat og er både norsk og svensk champion.
Kvalpane blir levert med:
- Registrering i NKK med stamtavle og kennelnamnet Sagalita's
- ID-chip
- Første vaksine
- Helseattest frå veterinær
- Ormekur etter gjeldande anbefalingar
- Kvalpepakke
Om rasen
Portugisisk vannhund er ein aktiv, intelligent og familievennleg rase som ikkje røyter. Pelsen krev jamleg stell og klipp gjennom heile livet. Både Saga og Elmer har bølgete pels, og vi vil starte tilvenning til pelsstell allereie medan kvalpane er hos oss.
Pris og reservering
Prisen for ein kvalp er kr 25 000. Ved reservering tek vi eit reservasjonsgebyr på kr 5 000, som blir trekt frå kjøpesummen. Reservasjonsgebyret blir ikkje refundert dersom kjøpar trekkjer seg.
Vi ønskjer seriøse og ansvarsfulle kjøparar som kan tilby ein trygg og varig heim. Vi ser gjerne at interesserte kjem på besøk og møter oss og hundane før eventuell reservering eller kjøp.
Som oppdrettarar ønskjer vi å vere tilgjengelege også etter at kvalpen har flytta. Vi set pris på å halde kontakten med kvalpekjøparane våre og bidreg gjerne med råd og oppfølging gjennom hunden sitt liv.
Dersom du er interessert, er du velkomen til å ta kontakt. Fortel gjerne litt om deg sjølv, kvardagen din og kva slags heim du kan tilby ein kvalp.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.6.2026 kl. 19:06 ・ FINN-kode: 468083478
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
