Juridisk rådgivar - HR
Helse Fonna HF
- Frist 23.7.2026
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgivar - HR
Helse Fonna er på utkikk etter ein erfaren juridisk rådgivar til HR-området.
Hos oss får du ei rolle med stor variasjon, faglege utfordringar og tett kontakt med leiarar på ulike nivå i organisasjonen. Du vil arbeide med arbeidsrettslege spørsmål, rådgiving, saksbehandling, partssamarbeid og utvikling av gode rutinar og prosessar.
Som rådgivar bistår du leiarar i aktuelle saker, det kan vera alt frå konflikthandtering til undervisning. Når du treng nokon å sparra med står døra open hos kollegaene dine, og saman utgjer de eit godt praksisfellesskap der vi deler erfaringar, drøftar problemstillingar og lærer av kvarandre.
Du vil møte mange ulike yrkesgrupper og problemstillingar, og relasjonsbygging blir ein viktig del av kvardagen. Rolla passar for deg som trivst med ansvar, variasjon og faglege vurderingar – og som klarer å stå støtt også når sakene er komplekse.
Du blir utfordra i møte med ei rekke ulike yrkesgrupper, men tar det fint for nye kjennskap og relasjonsbygging fell naturleg for deg. Du vil få mange oppgåver og til tider ha det ganske travelt, tida vil fly, men det gjer den jo alltid i godt lag.
I HR er vi omlag 30 engasjerte medarbeidarar inndelt i fagområda personal og organisasjon, utdanning- og kompetanse, HMS og bedriftshelseteneste og bemanningsløysingar/bemanningssenter. Vi yter eit breitt spekter av HR-tjenester til organisasjonen og er ein strategisk- og operativ støttespelar for føretaket si leiing, samt eit verkemiddel for at føretaket skal nå mål.
Vil du bruke jussen tett på leiing, menneske og drift? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Kva går jobben ut på?
- Juridisk rådgiving og saksbehandling innafor juridiske spørsmål, og særleg arbeidsrettslege
- Strategisk og operativ leiarstøtte
- Utvikling- og forbetringsarbeid innan HR-området
- Kurs og opplæring innan fagområdet
- Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og regelverk
- Partssamarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Juridisk embetseksamen
- Fordel med arbeidsrettsleg erfaring
- Forståing for partssamarbeid
- Fagleg kunnskap, erfaring med HR og leiarstøtte
- God kunnskap og forståing av lov- og avtaleverk innan HR-området
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, samt god framstillingsevne
- God digital kompetanse
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- byggjer gode relasjonar og skaper tillit hos både leiarar og medarbeidarar
- arbeider sjølvstendig, løysingsorientert og ansvarsfullt
- har god rolleforståing og evne til å sjå heilskap
- samarbeider godt i team og på tvers av ulike fagmiljø
- står støtt fagleg og personleg, også i krevjande situasjonar
- arbeider nøyaktig og klarer å drive prosessar framover
- er oppteken av forbetring, utvikling og gode løysingar i praksis
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt fag- og arbeidsmiljø med rom for utvikling.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Arbeidsmiljøloven (Norge)
- Juridisk bistand
- Juridisk kompetanse
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kunnskap innen arbeidsrett
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
juridisk rådgivar, arbeidsrett, HR, leiarstøtte, partssamarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 468031445
- Sist endret



