Bildegalleri
Clavia Nord Stage 2 HA88 med origalt stativ, notestativ og bag fra Gator
Til salgs
24 999 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Fantastisk stagepiano, synthesizer, orgel og kontroller i ein og samme pakke. Dette er fortsatt mitt favorittklaviatur. Med dei tilhøyrande beina i Rhodes-stil ser det også rimelig lekkert ut.
Dette har vore i mitt eige heile tida. Eg har behandla det fint og forsiktig, og for det meste har det stått på kontoret mitt. Det er i svært fin tilstand, all lyd, tangenter, pitch kontroller og mod-wheel fungerer utmerket. Denne har tilgang til bruk av Nord sitt fantastiske sample-bibliotek, som inkluderer dei heilt rå Mellotron og Chamberlin samplene. Piano- og el-piano lydene kan ennå erstatte moderne plugins i produksjon etter min vurdering. Det er også utrolig bra som master kontroller instrument for andre synther eller soft-synther, gjennom sin "external" modul. Der er det mogleg å splitte keyboardet mellom interne lyder og eksterne instrument, markert med led-lys over tangentene. Ekstremt intuitivt og kjapt i bruk.
Så kvifor skulle eg ville selge dette vidunderet? Eg har skaffa meg akustisk piano, og slit med plassen i leiligheten. Hadde eg hatt fleire kvadratmeter ville eg utan tvil behaldt det.
Ein ting å merke seg: Når det har gått fleire veker sidan eg har spelt på det, kan nokre av knappene (ikkje tangentene) bli mindre responsive, og eg må trykke på dei tre-fire gonger, så blir dei tilbake til normalen og responsive igjen. Det er ikkje snakk om noko ein kan føle fysisk, men det gjeld den elektroniske kontakten. Min mistanke er at det legger seg litt støv bak knappen, og at det ristes vekk etter tre-fire trykk, uten at eg er nokon ekspert på dette. Dette har ikkje vore til hinder for min bruk av instrumentet, då det berre er noko ein merker dei første sekunda ein set seg ned for å spele på det igjen etter ein lang pause. I tillegg er eg sikker på at det er ein kjapp fiks via ei reingjering på innsida, men som sagt har det ikkje vore nok til bry for meg til at eg har gjort noko med det. Om du vil ha dette meir nøye forklart, ta gjerne kontakt!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 21.6.2026 kl. 12:49 ・ FINN-kode: 467580094
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
