Avdelingsleiar studieførebuande
Vestland fylkeskommune
- Frist 10.07.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar studieførebuande
Odda vidaregåande skule ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gir svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement rundt i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Morellfestivalen, Siderfestivalen og SUS&DUS.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 250 elevar og 60 tilsette, fordelt på 5 utdanningsprogram (BA, EL, HO, ST, TP). Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen sin visjon er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Frå 1. august 2026 har skulen ledig stilling som avdelingsleiar for studieførebuande program.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar for studieførebuande får du eit særskilt ansvar for drift og utvikling innan studieførebuande programområde. Dette omfattar både personalansvar, medarbeidarutvikling og elevoppfølging. Du vil òg ha ansvar for fellesfagene på yrkesfag og for tilrettelagt undervisning i fellesfag.Du vil få ansvar for planlegging og gjennomføring av pedagogisk utviklingsarbeid, primært i eigen avdeling, men òg i samarbeid med andre delar av skulen.
Du vert ein del av skulen si leiargruppe. Leiargruppa arbeidar saman for å utvikla skulen i tråd med vedtekne målsettingar og satsingsområde, og med utøving av skuleadministrative fellesoppgåver. Det vil bli lagt undervisning eller andre oppgåver til delar av stillinga.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på fagskule-/høgskule-/universitetsnivå.Praktisk-pedagogisk utdanning
Undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
Undervisningserfaring, gjerne frå vidaregåande skule
Relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
Personlege eigenskapar
Tydeleg, open og inkluderande
Strukturert og ansvarsbevisst
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode IKT-kunnskaper
Utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagde i tilsettingsprosessen.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjinga skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule. Stillinga har seks månaders prøvetid.
Vi gjer merksam på at vi i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
FerdigheterAI-generert
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5750 Odda
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleiar vidaregåande skule, Odda
Annonseinformasjon
- FINN-kode 467544854
- Sist endret

