Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Spesialsjukepleiar

Helse Bergen HF

  • Frist 30.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Spesialsjukepleiar

Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.

RAK Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Vi tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.

Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidrar til eit heilskapleg tilbod.

Vi tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med høg kompetanse innan rus- og avhengigheitsfeltet. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, godt samarbeid på tvers av faggrupper og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi har no ledig 100% fast stilling som spesialsjukepleiar. Stillinga inngår i todelt turnus (dag/kveld) med arbeid kvar femte helg. Langvakter laurdag-søndag.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjukeoppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging av medisinar, kartlegging og medisinsk oppfølging, støttesamtalar, pårørandearbeid og ulike aktivitetar med pasientane
  • Bidra med undervising og kunne leie møte med pasientar saman med andre kollegaer
  • Samarbeide med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar og relevant vidareutdanning
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Ha engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
  • Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
  • Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
  • Robust og god på avgjerder

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Regelmessig internundervising
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi arbeider tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
  • Langvakter kvar 5 helg
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Legemiddelhåndtering
  • Norsk
  • Psykologiske helsetjenester
  • Sykepleie (kirurgisk)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

spesialsykepleier, spesialsjukepleiar, Martwna, Rusmedisin, korttidspost

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Trudi Ulevik Davanger
  • Stillingstittel: Seksjonsleiar
  • Mobil: 47 99 96 86
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Helse Bergen HF
  • Flere stillinger fra Helse Bergen HF

2762 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Hatleveien 7D, 5038 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 467177887
    • Sist endret 16.6.2026, 10:02
    Rapporter annonse