Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar

Helse Bergen HF

  • Frist 30.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Nattevakt - Sjukepleiar/Vernepleiar

Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.

RAK Tvangspost Martens er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolige omgjevnader i Sandviken. Sengeposten har fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfrihet. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa.

Vi tilbyr eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med høg kompetanse innan rus- og avhengigheitsfeltet. Hos oss møter du engasjerte kollegaer, godt samarbeid på tvers av faggrupper og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Vi har no ledige 73,5% nattevaktsstillingar med arbeid kvar tredje helg.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
  • Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
  • Nattarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Erfaring med arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
  • Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
  • Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
  • Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
  • Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
  • Robust og god på avgjerder
  • Pedagogiske evner er ein føresetnad

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ferdigheter
AI-generert

  • Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
  • Kjennskap til lovverk og regelverk
  • Norsk

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

  • Sektor: Offentlig
  • Antall stillinger: 2
  • Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
  • Bransje: Helse og omsorg
  • Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, rusmedisin, Martens, natt

Helse Bergen HF logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Trudi Ulevik Davanger
  • Stillingstittel: Konstituert seksjonsleiar
  • Mobil: 47 99 96 86
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Helse Bergen HF
  • Flere stillinger fra Helse Bergen HF

2762 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Haukeland universitetssjukehus logo

Haukeland universitetssjukehus

    Firmaets beliggenhet

    Hatleveien 7D, 5038 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 467176201
    • Sist endret 16.6.2026, 09:41
    Rapporter annonse