Bildegalleri
BRAFAB spisebord og 6 stoler
Til salgs
10 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
BRAFAB spisegruppe med rundt bord (Ø140 cm) og 6 stolar
Sel flott og solid spisegruppe frå BRAFAB, kjøpt hos Hageland i Porsgrunn i 2022.
Settet består av rundt spisebord (diameter 140 cm) og 6 komfortable stolar med puter. Møblane er i mørk grå aluminium med lysegrå puter. Aluminium er vedlikehaldsfritt, rustar ikkje og er enkelt å halde reint.
Stolane er svært gode å sitje i, med tjukke og slitesterke puter. Trekket på putene er avtagbart. Putene har vore oppbevarte i putekasse om sommaren og innandørs om vinteren. Møblane har stått under tak og vore dekte med presenning i vintersesongen.
Det finst nokre normale bruksspor etter tre sesongar, mellom anna eit lite merke på eitt armlene og mindre spor på enkelte puter (sjå bilete), men settet framstår som pent brukt og godt vedlikehalde.
Vi har brukt 6 stolar rundt bordet fordi vi er ein familie på seks 😊, men etter mi meining fungerer bordet aller best med 5 stolar dersom ein ønskjer litt meir plass rundt bordet.
Dette har vore samlingsplassen for mange gode middagar, lange sommarkveldar og fine stunder med familie og venner. Her er det framleis mange gode år, hyggjelege måltid og minner att for nye eigarar.
Seljast fordi vi ønskjer å frigjere litt meir plass på terrassen.
Nypris: ca. 22 000 kr
Bod over 10 000 kr blir vurderte.
Eventuell budrunde avsluttast søndag kl. 20.00
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.6.2026 kl. 22:17 ・ FINN-kode: 467152596
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt