Her er du

FINN/Jobb/Søk/Agder/Evje og Hornnes

Journalist

AS Setesdølen

  • Frist 20.06.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Setesdølen søkjer journalistvikar

Vil du bli journalist i eit av Noregs mest varierte og særmerkte bygdesamfunn. Vi sett saman ein heilt ny redaksjon som skal følge Setesdals utvikling tett.

Vi held til på Evje i nedre Setesdal. Vi har nettopp flytta inn i nye og moderne lokaler.

Setesdal er eit variert og spennande dekningsområdet med mykje natur, kultur, og mange festivalar og friluftsliv. Frå fjellvidder på Hovden med hyttebygging og eit pulserande reiseliv, til badestrender langs Byglandsfjorden, og stadsutviklinga til regionsenteret på Evje er det eit breitt spekter av samfunnsliv me dekker.

For oss er det utruleg spennande å følgje utviklinga i Setesdal tett og vere først ute med nyheter som også vekker regional og av og til også nasjonal merksemd. Samtidig er det også svært viktig for oss å stille dei kritiske spørsmåla i eit bygdesamfunn der utviklinga går i eit rivande tempo.

Vi søker difor etter ein journalistvikar i 100 % stilling.

Frontredigeringsjobben delast på av fleire i redaksjonen og går diforfor stort sett på rundgang.

Dette kan vi tilby:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag, der du vil påverke og sette ditt preg på produktet vi serverer våre lesarar.
  • Stor frihheit under ansvar.
  • Du vil bli ein del av ein redaksjon med stor takhøgde.
  • Du vil få arbeide med alle stoffområde i eit lokalsamfunn med stor variasjon og spennande utvikling.
  • Du blir ein del av eit stort og spennande kompetansemiljø gjennom Polaris Media Sør.
  • Har du av og til behov for heimekontor, legg vi sjølvsagt til rette for det.

Dette forventar vi av deg:

  • At du har gode digitale ferdigheiter og forståing av sosiale medier.
  • At du må ha stor sans for foto og glede av å formidle og finne dei gode historiene
  • At du er sjølvstendig og dermed også evnar å grave fram eigne saker.
  • At du er effektiv og også presterer godt under press.
  • At du er ein lagspelar og blir trigga av å skape gode resultat i samarbeid med dine kollegaer.
  • Du må ha førarkort og disponere eigen bil.

Lurer du på noko?

Då må du gjerne ta kontakt for ein prat.

Vår ambisjon er å bidra til ein mangfaldig samfunnsdebatt og ønsker at vår arbeidsstyrke skal reflektere samfunnet vi lever i. Vi ønsker å tiltrekke oss medarbeidarar med ulik fagkompetanse, erfaring, personlege eigenskapar, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi fokuserer på kvalifikasjonskrava og er opptatt av ditt engasjement for stillinga.

Høyrest dette interessant ut, trykk på søkje-knappen og registrer din CV og søknad.

Søknadsfrist er satt til 20. juni 2026.

Ferdigheter
AI-generert

  • Fotografvirksomhet
  • Kriminaljournalistikk
  • Social Media

Om arbeidsgiveren

Setesdølen er ei lokalavis for Setesdal og Åseral sine 7000 innbyggjarar. Vi er eit digitalt mediehus med papiravis to dagar i veka. Opplaget er på 3.800. Setesdølen er eigd av Polaris Media Sør AS.
  • Sektor: Privat
  • Sted: 4735 Evje
  • Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
  • Stillingsfunksjon: Journalist
  • Bilde 1 av 1 i jobbannonse-galleriet
AS Setesdølen logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Olav Åsen Haugsgjerd
  • Stillingstittel: Ansvarlig redaktør
  • Mobil: 90 98 27 94
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med AS Setesdølen
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra AS Setesdølen

Bli den første til å følge dette firmaet!

Firmaets beliggenhet

4735 Evje

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 466349499
  • Sist endret 8.6.2026, 14:27
Rapporter annonse