Bildegalleri
Hundepass / lufting tilbys
Til salgs
300 kr
Beskrivelse av varen
Hei! Takk til alle som tek kontakt. Eg er no fullbooka i sommar månedane. Men har ledig frå september av. Treng du ein trygg og kjærleg stad for hunden din når du skal på ferie, i helgar eller i ein hektisk kvardag? Eg er ein erfaren hundeeigar som tilbyr hundepass i rolege og trygge omgjevnader. Hos meg blir hunden ein del av familien, og får alt den treng av merksemd, kos og turar.
Kva eg tilbyr:
Heimekos: Hunden bur inne med oss og blir behandla som eit familiemedlem.
Turar og aktivisering: Skreddarsydde turar i nærmiljøet, tilpassa hunden sitt energinivå.
Sosialisering: Eg har sjølv ein snill og sosial hund (tispe, blanding av spaniel/breton), som gjerne vil ha ein leikekamerat om kjemien stemmer.
Erfaring: Lang erfaring med hund, og god forståing for hundeadferd og behov.
Kven passar tilbodet for?
For at alle skal få ein trygg og god opplevelse, ser eg etter ein hund som:
Er sosial og går overeins med andre hundar (sidan eg har eigen hund).
Kan fungere i eit hus der det også bur katt.
Er husrein og vant til vanlege kvardagsrutinar.
Praktisk informasjon:
Stad: Hareid.
Pris: Etter avtale (avhengig av om det gjelder tur, dagsbesøk, helg eller lengre periodar).
Utstyr: Eigar må ta med eige fôr, halsband/sele og kobbel.
Før ein eventuell avtale, tek vi gjerne eit uforpliktande møte slik vi får helse på kvarandre.
Ta kontakt for ein hyggelig hundeprat og fortel gjerne litt om hunden din.
Helsing Ragnhild Elvebu | Dogmamma
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 22.7.2026 kl. 18:51 ・ FINN-kode: 466090960



