
Bildegalleri
Robert Musil: Tre kvinner
Til salgs
Frakt fra 38 kr + Trygg betaling 39 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Skald, heftet, 2017
I novellesyklusen «Tre kvinner» utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne, og korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane, men akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse. Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving, på same tid som han observerer personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.
Robert Musil (1880–1942) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane i den tyske modernismen, og er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket «Der Mann ohne Eigenschaften». Musil har vore samanlikna med forfattarar som Franz Kafka, Thomas Mann, James Joyce og Marcel Proust. Verka hans har hatt stor innverknad på seinare austerrikske forfattarar som Thomas Bernhard og Elfride Jelinek. Livsverket til den austerrikske forfattaren omfattar både romanar, novellesamlingar, drama og essays, og mange av verka speglar bakgrunnen hans frå naturvitskapen og psykologien.
Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 4.6.2026 kl. 23:12 ・ FINN-kode: 465977704
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt


