Her er du

FINN/Jobb/Søk/Innlandet/Sel

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

  • Frist 23.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Avdelingsleiar

Beskrivelse

 Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. august 2026 

Vi søkjer deg som

  • har godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse frå grunnskulen og/eller vidaregåande skule 
  • har leiarerfaring frå vidaregåande eller grunnskole 
  • har eleven i fokus 
  • har brei arbeidserfaring 
  • trygg på bruk av digitale ressursar og erfaring frå offentlege saksbehandlingsprogram som Visma InSchool, Visma Plus, Elements og ulike Conexusprogram 
  • er initiativrik, samarbeidsorientert og løysingsorientert i ein hektisk kvardag 
  • evner å vera med å utvikle skulen som ein lærande organisasjon 

Vi tilbyr

  • ein givande og utfordrande jobb 
  • eit breitt og spennande fagmiljø 
  • eit inkluderande og raust skulemiljø
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 100% fast stilling ledig frå 01.08.2026
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov og avtaleverk 
  • stillinga har arbeidsstad Otta 

Arbeidsoppgåver

  • fagansvar med økonomi og personalansvar
  • avdelingsansvar for individuelt tilrettelagt opplæring, innføringstilbod for minoritetsspråklege. Andre område kan bli lagt til stillinga
  • fellesoppgåver for leiargruppa
  • stillinga går inn i skulen si leiargruppe 

Kvalifikasjonskrav

  • godkjent lærarutdanning for undervisning i grunnskulen og/eller vidaregående skule 
  • leiarerfaring frå grunnskule eller vidaregåande skule 
  • erfaring fra overgangsarbeid mellom grunnskole og vidaregående opplæring 
  • erfaring med koordinering av komplekse elevsaker 
  • formell kompetanse i, og erfaring frå opplæring av minoritetsspråklege elevar 
  • formell kompetanse i, og erfaring frå vegleiing i lese og skrivetrening 
  • erfaring frå samarbeid mellom offentlege instansar og næringslivet 
  • erfaring frå offentleg saksbehandling etter forvaltningslova med særlovar 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Ferdigheter
AI-generert

  • Kjennskap til forvaltningslova
  • Praktisk-pedagogisk utdanning
  • Utdanningsledelse
  • Visma

Om arbeidsgiveren

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er lokalisert sentralt på Otta i Sel kommune.
Skulen tilbyr seks ulike utdanningsprogram og har om lag 350 elevar og 70 tilsette.

Skulen vart nyrenovert i 2010, og dei moderne lokala legg til rette for gode læringsmiljø og eit godt læringsarbeid.

Målet er å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og tett samarbeid med næringslivet.

Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.


Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Skansen 9, 2670 Otta
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Ledelse
Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Avdelingsleder Signe Stubbrud
  • Mobil: 97 16 35 70
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Rektor Kristin Undseth
  • Mobil: 61 21 54 17
Send meldingSend SMS
  • Flere stillinger fra Innlandet fylkeskommune Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

1647 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Skansen 9, 2670 Otta

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465697457
  • Sist endret 2.6.2026, 11:20
Rapporter annonse