
Bildegalleri
Samleobjekt: Signert kunstbok av Marcel Leliënhof (Skinnomslag)
Til salgs
Frakt fra 39 kr + Trygg betaling 189 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Sel eit vakkert eksemplar av fotokunstboka "Unto Dust Shalt Thou Return" (2007) av den kjende norske fotografen Marcel Leliënhof (https://lelienhof.no/36/)
Dette er ikkje ei vanleg bokhandelsutgjeving, men eit eksklusivt kunstnar- og promosjonsobjekt trykt i eit svært avgrensa opplag. Dette spesifikke eksemplaret er i tillegg signert av fotografen sjølv (sjå bilde).
Innbinding: Tradisjonell stab-innbinding med eit kraftig, unikt omslag i ekte skinn, prega med Zia-solsymbolet frå New Mexico.
Innhald: over 200 fotografiar som dokumenterer det ekte ranch- og cowboylivet i New Mexico, landskapet og forfallet langs Route 66.
Tekst: Forord skrive av forfattar Erik Fosnes Hansen.
Illustrasjonar og design: Torgeir Hjetland.
Tilstand:
Boka har lagt på ei hylle nokre år deretter har den vore lagra i flyttekasse toørt og fint. Boka vart kjøpt direkte frå fotografen på eit kurs. Ho framstår i utmerka stand, nærast som ny – heilt utan skader på verken skinnomslag, binding eller dei 210 bilde- og tekstsidene - har knapt vore siste 15 åra.
Dette er ein sjeldan sjanse for samlarar av fotobøker, kunstbøker eller tilhengjarar av Leliënhof sitt arbeid. Slike eksemplar dukkar ekstremt sjeldan opp på bruktmarknaden.
Frakt: Kan hentast lokalt i Bergen, eller sendast over heile landet mot at kjøpar betalar frakt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.6.2026 kl. 19:28 ・ FINN-kode: 465514670
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt

