Bildegalleri
Landseer kvalpar - leveringsklar
Til salgs
25 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 11 uker
NKK-registrerte Landseer kvalpar – fødd 29.04.2026 🐾
No har vi bare 1 flotte Landseer-gutt att som søkjer sine framtidige familiar. 🤍🤍
Kvalpane veks opp midt i familielivet saman med våre fire barn og blir godt vane med kvardagslydar, menneske og mykje kos. Dei møter også ulike dyr som kattar, høner, ender, kaninar og geiter – noko som gir dei ein trygg og god start på livet.
Foreldre:
Mor:
Ahyoka-Arthemis vom Baslerland (“Luna”)
Reg.nr: MET.LAND223/22
HD: C | ED: 0
Luna er ei roleg, balansert og svært kjærleg tispe med flott temperament. Ho er sosial med både menneske og dyr og har bestått SOR (vannarbeid). På utstilling har ho fått vurderingane Excellent og Very Good.
Far:
Rävkullens Kummin (“Batman”)
Reg.nr: DK18936/2020 | SE51415/2020
HD: A | ED: 0
Batman har fleire flotte resultat frå utstilling og fleire titlar innan nosework. Han er kjend for stabilt temperament og godt lynne.
✅ NKK-registrerte med stamtavle
✅ Veks opp i heimemiljø med barn og andre dyr
✅ Ormekur, veterinærkontroll, vaksine og chip før levering.
Kvalpane er no 9 veker gamle og utviklar eigne personlegheiter kvar dag.
🤍 Praktisk informasjon
Vi forstår at sommaren kan vere travel med ferieplanar og reiser. Dersom leveringstidspunktet kolliderer med ferie eller andre planar, kan vi etter avtale vere fleksible med henting og gjerne ha kvalpen hos oss litt lenger.
For familiar som kjem langvegsfrå, tilbyr vi også moglegheit for overnatting hos oss. Vi har både campingplass og overnattingstilbod på eigedomen, slik at de kan bruke god tid på å bli kjent med kvalpen og omgjevnadene.
For kjøparar som bur langt unna, prøver vi også å vere fleksible med levering. Etter nærmare avtale kan vi vere behjelpelege med å møtast på delar av reisa dersom det gjer henting enklare.
Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål – vi finn som regel ei løysing 😊🐾
Send gjerne melding ved interesse eller om du ønskjer meir informasjon 😊
For fleire bilde og oppdateringar frå kvalpane kan du gjerne følge oss på Instagram:
@landseerfradengamleskulen 🐾🤍
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.7.2026 kl. 09:26 ・ FINN-kode: 464495195
