Bildegalleri
Heimelaga syltetøy, saft og gelé
Til salgs
Beskrivelse av varen
Handlaga saft, syltetøy og gelé - rett frå hagen til bordet ditt! Passer også perfekt som gåve til dei som har alt.
Vi i Vestlandshagen har dei siste åra laga heimelaga produkt av frukt og bær, med mål om å utvikle gode oppskrifter utan å tilsette noko meir enn naudsynt. Hovedingrediensene er alltid usprøyta og handplukka frukt og bær frå våre hagar. Vi nyttar tradisjonelle foredlingsmetodar som pasteurisering og hermetisering.
Vårt lager varierer med sesongane, annonsa blir difor oppdatert jamleg.
Vi er registrert hjå Mattilsynet.
Henting/levering: Kan hentast etter avtale i Fyllingsdalen, Bergen sentrum eller Slåtthaug-området.
Syltetøy
Plommesyltetøy: Klassisk og god smak av solmodne plommer.
- 220 ml: 80 kr
Plommesyltetøy med smak av kanel og ingefær: Lunt, krydra og spennande. Perfekt på haustgrauten eller til ost.
- 110 ml: 50 kr
Plommesyltetøy med vanilje og hint av amaretto: Rundt, eksklusivt og sofistikert – nydeleg til dessert eller ost og kjeks.
- 110 ml: 50 kr
Rabarbrasyltetøy: Klassisk, syrleg og friskt.
- 110 ml: 50 kr
Rabarbrasyltetøy med eple og kanel: Eit nydeleg, krydra syltetøy - perfekt på havregrauten eller i dessertar/bakst.
- 110 ml: 50 kr
Rabarbrasyltetøy med appelsin og ekte vanilje. Friskt, rundt og sofistikert - skapt for ost og kjeks.
- 110 ml: 50 kr
Stikkelsbærsyltetøy: Ein nostalgisk favoritt til nysteikt brød eller vaflar.
- 110 ml: 50 kr
Bringebærsyltetøy: Syrleg og friskt. Fantastisk på nysteikt brød, vaflar eller mjølkelappar.
- 220 ml: 80 kr
Blåbærsyltetøy frå skogen. Djup og rund smak - eit "må ha" til pannekaker. Laga av meirsmakande, ville bær.
- 220 ml: 80 kr
Saft
Plommesaft: Ei fyldig, frisk og nostalgisk saft laga av solmodne plommer. Perfekt som leskedrikk i kvardagen eller som alkoholfritt alternativ til helgemiddagen. Blandast 1:2 eller etter smak.
- 0,5 l: 80 kr
Rabarbrasaft (utsolgt): Frisk og god med eit hint av ingefær - nydeleg å blande 1:1 med iskaldt boblevatn.
- 0,5 l: 80 kr
Gelé:
Ripsgelé (utsolgt): Den perfekte balansen mellom søtt og syrleg. Kjempegod til ost og kjeks, og eit friskt løft til middagar med brun saus.
- 110 ml: 50 kr
Solbærgelé (utsolgt): Fyldig, aromatisk og rik på smak. Gjer underverk i sausar til vilt og lam, eller ved sida av kraftige ostar som blåmuggost.
- 110 ml: 50 kr
Returrabatt:
Ta vare på glaset! Ved neste kjøp får du 3 kr avslag per glas og 5 kr per flaske (inkl. lokk) du leverer tilbake. Glasa kan gjerne skyljast før levering. :-)
Betaling: Kort eller vipps ved henting.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 6.10.2026 kl. 20:52 ・ FINN-kode: 464220573

