Bildegalleri
Kat 3 allround/kjøreponni selges
Til salgs
Beskrivelse av varen
Mankehøyde: 128 cm
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2016
Nes Kaysar (Nano)
Kaspisk ponni
Vurderer å selge Nano til rett heim, då eg skal ut i lære til hausten. Han er ein snill, trivelig, men sensitiv ponni med godt lynne og mykje personlighet. Han er trygg i daglig håndtering og likar å vere med på det meste
Han har hovdesaklig blitt brukt av meg på 18 år, men har og blitt ridd litt av ei på 13 år og leid med mindre barn på ryggen. Han er ein rolig type, men samtidig sensitiv og framover. Speiler rytteren veldig, og er ikkje vanskelig å få fart på. Går fint å ri aleine, og saman med andre. Kan bli litt sterk om ein har mykje fart på tur saman med andre, men stikker ikkje. Han er 99% trafikksikker, kan vere litt nervøs for store og bråkete kjøretøy, men ikkje vanskelig å holde han rolig
Hos meg har han blitt brukt til mykje forskjellig. Han er innkjørt og trives godt med det. Har naturlig framdrift og er lydhør for stemme. Kunne nok gjort det bra i konkurransar her med litt meir mengdetrening. Hovedfokuset mitt har vore å holde han positiv til arbeidet og gi han varierte oppgaver. Han har laushoppa 110, og hopper bane på 70 cm. Har god teknikk, men trenger litt støtte fra rytter. Hos forje eigar blei han litt brukt til mounted games. Han er lett på foten, så det er noko han passer bra til og syns er kjekt. Kan det grunnleggande innan dressur og har flotte bevegelsar. Trent ein del bakkearbeid også, og responderer veldig bra på det
Eg har eigd han i snart 3 år. Når eg kjøpte han steilte han når han blei lei. Det var veldig tydlig at dette var for å prøve å sleppe unna arbeid, steilte veldig kontrolert og heiv seg ikkje rundt. Hadde veterinærsjekk på han når eg kjøpte han, og fleire behandlingar hos kiropraktor, men hadde ikkje vondt. Steilinga forsvant når han fekk oppgaver som ikkje krevde for mykje av han, og er ikkje eit problem no lenger
I stallen er han enkel å holde på med. Står fint ved stell og hovslagar. Går barfot og funger fint med det. Nano er ein frisk og sunn ponni. Har ikkje hatt noko skade i mitt eige, eller hos forje eigar som eg veit om. Litt nervøs for veterinær og sprøyter, men står greit. Han er ikkje så glad i å gå på hengar, men øver på det. Går godt saman med andre hestar, middels på rang. Han står no på utegong med ein shetlandsponni som han er sjef over.
Veldig viktig for meg at han kjem til rett heim der han får stå med minst ein venn med mykje utetid, helst utegong. Lav prisklasse, rett heim er viktigare enn pris
Ta gjerne kontakt for meir informasjon
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.6.2026 kl. 11:19 ・ FINN-kode: 464058745
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt