Bildegalleri
Setterkvalpar til sals
Til salgs
15 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 8 uker
Gordon setteren Røsholmhøgdas Chicka (i daglegtale Zika) ventar kvalpar i slutten av mai.
Mor Zika vert 5år i juni og er reinrasa gordon setter kjøpt hjå Røsholmhøgda kennel.
Far Milo er 50% gordon setter og 50% engelsk setter. Kvalpane vert dermed 75% gordon setter og 25% engelsk setter. Leveringsklare i månadsskifte juli/august. Kvalpane vert følgt opp hjå veterinær og levert med helseattest, ID-merking, vaksinering og ormekur.
Om hundane:
Mor Zika (NO54734/21) er ei aktiv tispe som har instinkta i orden. Ho elskar å vere med på jakt, og når ho kjedar seg tek ho stand og jaktar på fuglar i hagen. Ho har vore brukt på både rypejakt, storfugljakt, andejakt og jakt på bekasinar. Ho viser gode tendensar i avsøking og finn fuglen fort. Ho meistrar best storfugljakta i skogen, då klarar ho å roe ned i større grad. Ho er dessutan ein roleg og super familiehund som likar å vere med på alt som skjer. Ho diggar blandt anna å køyre bil, joggeturar, sykkeltur, gå på ski, sove i telt og gå fjellturar. Zika er ikkje prøvd på jaktprøve. Ho har vore utstilt ein gong på Elverum i regi av NJFF med godt resultat. Sjå bilete.
Far Milo er fortsatt ein unghund, men har vist at han har nasa i orden han også. Sidan han er blandingshund er han ikkje registrert i hovudregisteret til NKK. Begge hundane går til dagleg laust heime i gardstunet. Dei går gjerne laust på tur så lenge bandtvangen tillet det. Dei er begge glade i folk, både store og små.
Sidan det vert blandingskvalpar kan ikkje vi registrere dei i det orginale registeret hjå NKK. Når kvalpen er 9mnd kan eigar registrere den hjå NKK i NOX-registeret. Når dette er gjort kan ein delta på konkurransar og jaktprøver i regi av NKK om det er ynskjeleg.
Aktive og landlege heimar, samt kjøparar som er friluft/jaktinteresserte vert prioriterte.
Ta kontakt om du har spørsmål!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.5.2026 kl. 13:28 ・ FINN-kode: 463985133
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt