Bildegalleri
Båtar med sjel I – bok om fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet
Til salgs
199 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Boka «Båtar med sjel I» tek for seg 78 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet, med mykje tekst og mange svart-kvitt-bilete. Fin for deg som er interessert i kysthistorie, gamle båtar og historier frå folka om bord.
Selges for kr. 199,- som også inkluderer frakt
Det seiest at skal ein skrive lokal kysthistorie, må ein starte med historia om båtane til kystfolket. Kanskje det, for gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre ti-år borte, men likevel er så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort.
Denne boka handlar om 78 slike gamle båtar frå Vestlandet, båtar som forfedrane våre bestemt hevda var mykje meir enn berre eit tomt skal. Båtane var akkurat som mennesket: Dei hadde sjel. Her finn du historier om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar, frå «Havsulen», bygd før 1860, til «Frøyabuen» bygd i 1958. Her er fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Det båtane har til felles er at alle har høyrt heime på Vestlandet, frå Rogaland til Nordmøre.
«Båtar med sjel I» inneheld:
- omtale av kvar einskild båt og dei som har arbeidd ombord
- skildringar av livet ombord, kvardagsliv og dramatiske hendingar
- grundige faktaopplysningar om kvar båt
- eit eineståande biletmateriale med over 150 gamle foto
Ny og revidert utgåve
Malvin Toft (1934-2010) var fiskarbonde og skribent, fødd, oppvaksen og busett på
Skorpa, ei øy i havgapet vest for Florø. Han var hovudforfattar i seks maritime bøker frå Selja Forlag: tre bøker i serien Båtar med sjel; Havet tok, Sildeeventyret og Krigsseglarar.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 11.5.2026 kl. 20:05 ・ FINN-kode: 463287267
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt





