HR-rådgjevar
Time kommune
- Frist 28.05.2026
- Ansettelsesform Fast
HR-rådgjevar
Vil du vere med og forma framtidas kommune gjennom målretta HR‑arbeid?
Time kommune er i utvikling. Me arbeider målretta for høg kvalitet i tenestene, berekraftig bemanning og ein organisasjon som evnar å justera seg i takt med utviklinga. No søkjer me ein HR-rådgjevar som vil ta eit fagleg ansvar for kompetanseutvikling og lærlingordninga, og bidra til vidareutvikling av HR‑arbeidet i kommunen.
Stillinga passar for deg som har god fagleg kompetanse, trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, og ønskjer å jobba systematisk med utvikling i ein kompleks organisasjon. Du vil arbeida med fagleg rådgjeving, utviklingsprosessar og målretta bruk av styringsinformasjon for å støtta leiarar i organisasjonen.
Stillinga er plassert i eininga Organisasjon og utvikling, rapporterer til organisasjonssjef og inngår i eit tverrfagleg og kompetent fagmiljø. Avdelinga arbeider tett saman med leiarar, tillitsvalde og vernetenesta. Du får eit særleg ansvar for å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med kompetanseutvikling og lærlingordninga.
Digitalisering, systemstøtte og analysebasert HR‑arbeid er viktige rammer for stillinga. Du vil vere med å vidareutvikle HR‑prosessar, praksis og styringsinformasjon i tråd med organisasjonen sine behov og politiske føringar. Stillinga inneber eit særleg fagleg og strategisk ansvar for eitt av kommunen sine tenesteområde.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- fagleg ansvar for strategisk og operativt arbeid med kompetanseutvikling
- ansvarleg for kommunen si lærlingordning i samarbeid med leiarar, fagmiljø og eksterne aktørar
- heilskapleg HR‑rådgjeving til leiarar innan personalforvalting, arbeidsrett, organisasjonsutvikling og partssamarbeid
- arbeid med HR‑relaterte data, statistikk og analysar innan mellom anna sjukefråvær, turnover, rekruttering og kompetansebehov, og omsetjing av funn til tiltak og forbetringar
- vidareutvikling og god bruk av HR‑system og digitale verktøy, samt sikring av strukturert og kvalitetssikra HR‑informasjon
- medverka i endrings‑ og omstillingsprosessar i organisasjonen
- bidra til felles praksis, struktur og kvalitet i HR‑arbeidet
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som:
- har relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan HR, organisasjon, arbeidsliv eller tilsvarande
- har god kjennskap til arbeidsmiljølova samt tariff‑ og avtaleverk
- har erfaring med kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling eller større utviklingsprosessar
- har erfaring med, eller interesse for, analyse‑ og systemstøtta HR‑arbeid
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- er trygg i rådgjevarrolla og van med å balansere ulike omsyn, krav og forventningar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er fagleg trygg, strukturert og analytisk, og som samstundes har gode relasjonelle ferdigheiter. Du kommuniserer tydeleg, tillitsskapande og evnar å gjere regelverk, talgrunnlag og komplekse problemstillingar forståelege og relevante for leiarar og tilsette.
Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og trivst med langsiktig utviklingsarbeid i samarbeid med andre. Me oppmodar menn til å søkje stillinga.
Vi tilbyr
- ei sentral og fagleg spanande HR‑stilling i ein kommune i utvikling
- stort fagleg handlingsrom og reell påverknad
- eit kompetent HR‑miljø med vekt på kvalitet, utvikling og samarbeid
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver tett på kjerneverksemda
- gode pensjons‑ og forsikringsordningar samt konkurransedyktige vilkår
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Arbeidsmiljøloven (Norge)
- HR Consulting
- HR-rapportering
- Human Resources informasjonssystem (HRIS)
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Organisasjonsutvikling
- Personaladministrasjon
- Statistikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Arne Garborgs veg 32, 4344 Bryne
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, HR, personal og rekruttering, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kompetanseutvikling, lærlingordning, rådgivning, utviklingsprosesser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462522567
- Sist endret


