Bildegalleri
BDS stranda 600 pendlesykkel XL
Til salgs
8 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: DBS
Sykkeltype: Hybrid
Kjønn: Unisex
Sel min pendlesykkel, DBS Stranda 600, sykkelen er i god stand og har vore jamleg vedlikehalden.
Han er utstyrt med hydraulisk skivebremser og Shimano Alfine 11-girs nav, som er eit lukka og svært driftssikkert girsystem. Dette betyr lite vedlikehald samanlikna med tradisjonelle gir, ingen problem med skit, og moglegheit til å gire både når du står stille og under belastning. Gira er jamne og presise, noko som gjer sykkelen svært godt eigna til dagleg pendling i variert terreng.
Eg har gjort nokre oppgraderingar for betre komfort og ytelse:
– Bremseklossane er bytta til nye klossar med kjøleelement, som gir betre og meir stabil bremseeffekt
– Styret er bytta til eit meir komfortabelt alternativ med betre ergonomi. Originalstyret følgjer med dersom du ønskjer det (eg kan montere det tilbake og behalde det andre)
Dekka er oppgraderte til Schwalbe G-One Bite i 45 mm breidde. Desse gir godt grep på grus og dårleg underlag, samstundes som dei rullar lett og effektivt på asfalt – ein god allround-kombinasjon for både by og grusveg.
Eg kan også inkludere bagasjebrett dersom det er ønskjeleg – berre ta kontakt.
Det følgjer òg med eit komplett sett for oljeskift på baknavet, noko som bør gjerast cirka ein gong i året for å halde girsystemet i topp stand. Ssiste oljeskift 21/04/26
Sykkelen blir ikkje sendt, så henting/prøvetur må skje lokalt. Ta gjerne kontakt dersom du er interessert eller har spørsmål, eller om du ønskjer å kome og prøve sykkelen.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.4.2026 kl. 22:06 ・ FINN-kode: 460673724
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
