Bildegalleri
(1/12)
Per Sandal På leit etter slekta. Det Norske Samlaget. Oslo 1991.
Til salgs350 kr
Beskrivelse
Per Sandal På leit etter slekta. Det Norske Samlaget. Oslo 1991. Utseld frå samlaget. 175 sider.
Dette er handboka for alle som prøver å finne slektsrøtene sine. Boka gjev praktiske råd både til deg som er i startfasen og til deg som er komen eit stykke på veg. Ho gjev ei elementær innføring, men er også ei hjelpebok bruk undervegs etter kvart som arbeidet skrid fram og nye spørsmål melder seg. Boka gjev rettleiing i korleis du kan ta i bruk nødvendig materiale i offentlege arkiv: kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar, pantebøker matriklar og tingbøker. Her er og eit kapittel om korleis EDB kan brukast i slektsgranskinga.
Per Sandal (22. mai 1942–23. april 2005) var ein norsk historikar, forskar og forfattar. Han vaks opp på Breim i Gloppen, og var busett store delar av livet i Sogndal. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane). Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie og han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 90-åra. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.
Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–91 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.
1977 – Sogndal idrettslag 1926-1976 : idrett- og lagsarbeid gjennom 50 år (Sogndal: Sogne-Prent) I fulltekst ved nb.no
1978 – Soga om Gloppen og Breim. Band 1. Frå dei eldste tider til om lag år 1800 (Sandane: Gloppen sparebank)
1979 – Soga om Gloppen og Breim. Band 2. Frå om lag 1800 til vår tid (Gloppen: Gloppen sparebank) I fulltekst ved nb.no
1980 – Ættegransking : ei elementær innføring til bruk i brevkurs eller sjølvstudium (Oslo: Fram brevskule) . ISBN 82-513-0052-5 I fulltekst ved nb.no
1982 – Gloppens sparebank : ein bygdebank gjennom hundre år : 1882-1982 (Sandane: Gloppen sparebank) . ISBN 82-7101-102-2 I fulltekst ved nb.no
1983 – Lokalhistorie (Oslo: Landbruksforlaget) . ISBN 82-529-1004-1 I fulltekst ved nb.no
1986 – Sogndal bygdebok. Band 1. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800 (Sogndal: Sogndal sogelag) . ISBN 82-7101-125-1 I fulltekst ved nb.no
1988 – Soga om Gloppen og Breim. Band 3. Gardar og ætter : 1. Gimmestad sokn. 2. Hyen sokn (Sandane: Gloppen sparebank)
1990 – 150 år med bøker : Gloppen folkebibliotek 1840-1990 (Sandane: Gloppen folkebibliotek) . ISBN 82-992227-0-2 I fulltekst ved nb.no
1991 – På leit etter slekta (Oslo: Samlaget) . ISBN 82-521-3594-3 I fulltekst ved nb.no
1992 – Soga om Gloppen og Breim. Band 4. Gardar og ætter : 3. Vereide sokn (Sandane: Sparebanken Sogn og Fjordane) . ISBN 82-992720-0-9 I fulltekst ved nb.no
2001 – Soga om Gloppen og Breim. Band 5. Gardar og ætter. Breim sokn (Sandane: Sparebanken Sogn og Fjordane) . ISBN 82-992720-1-7
Ring eller send sms til 924 35 058 for å kjøpe og for å diskutere henting og sending.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 458830282 |
|---|---|
| Sist endret | 6.4.2026 kl. 17:47 |

















