Pedagogisk leiar
Time kommune
- Frist 15.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Pedagogisk leiar
Undheim barnehage styrker ped. leiargruppa og har derfor ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.26.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Undheim barnehage har 4 avdelingar to småbarn og to store. Barnehagen er ein avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor. Me har eit stort uteområde som innbyr til god og ulik leik. Me er og så heldige at me får låne Idrettslaget sin hall for aktivitetar i kvardagen. Idrettslaget sine anlegg kan me og fritt bruka.
Barnehagen har fellessamlingar der alle barn og vaksne deltek, fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Ein dag i mnd har me kor.
Me har eit tett samarbeid med skulen på Undheim og elevar er og leikar med barna som valgfag. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Totalt er me 7 pedagogar i tillegg til spesialpedagog og fagarbeidarar.
Barnehagen har, barnehageåret 2025/26, 4 avdelingar med 58 barn, men aukar til 62 barn fra hausten av.
Me søkjar ein person som er varm og som brenn for barns utvikling og læring. Er faglig sterk og opptatt av egen utvikling, samt utvikling av barnehagen. Er engasjert i faget sitt. Er en leken voksen som ønsker å skape magiske øyeblikk sammen med barn.
Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga
- Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
- Fylja opp og rettleia personalet på avdelinga ved behov
- Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
- Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
- Foreldresamarbeid på avdelinga
- Delta i barnehagen si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning. Personar som går siste året på barnehagelærarutdanninga og er ferdig våren 2026 er velkomne til å søkja.
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i arbeidsfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Gode evne til å synleggjera teori i praksis
- Gode og tydelege leiareigenskaper
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil verta vektlagt
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sælandsvegen 21, 4342 Undheim
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnehagelærer, Pedagogisk leder, barnehage
Annonseinformasjon
- FINN-kode 458054499
- Sist endret


