Bildegalleri
DRAMAET I NORD-ATLANTEREN FEBRUAR 1939 - Trygve Nordanger
Til salgs
150 kr
Beskrivelse av varen
Har ryddet i hyller og kasser.
Selger DRAMAET I NORD-ATLANTEREN FEBRUAR 1939 - Trygve Nordanger.
Åtte små ishavsskuter som skal ut på selfangst kjempar for livet på overseglinga til Newfoundlandsfeltet. Dei tre Brandals-skutene la kursen om Færøyane, ”Arktos” som var kolfyrt ville bunkre ekstra kol.
Det var storm i Atlanteren, men etter fire døger utan betring i meldingane valde dei å gå vidare. Dei kunne ikkje ligge der å risikere at ungselfangsten skulle bli øydelagt om dei vart for seine.
Barometeret fall kraftig
Alle dei fem nordlandsskutene skulle etter planen gå ei rute nord om Island. Men om lag eit døgns seilas frå Island meldte ”Isfjell” om lekkasje, dei ville inn om Island for å reparere. ”Nyken” og ”Saltdalingen” ville assistere inn til land. ”Quest” og ”Selis” fortsette nord om Island. Sjøen hadde vore litt ”røff” på oversiglinga til Island, og dei tre skutene fekk høve til å reparere nokre småskadar. Dei valde no å gå ut sør for Island, saman med dei tre Brandal-skutene. Veret var fint, men barometeret fall kraftig. Dagen etter vert det meldt om ein enormt stor sjø med farlege brekningar. Segla blir tatt ned og loggen haldt inn. ”Nyken” får skade på fangstbåtar og styrehus. Styrehuset blir oppstiva med spekkbenkar, men melder over radio at dei har det no ganske bra.
Men så, så kom eit nytt brott og ”Nyken” sende ut meldinga; ”Hallo Isfjell og ”Drottningholm”, viss dere hører meg så svar straks!” Frå ”Polarbjørn” og ”Arktos” høyrer dei at ”Nyken” folka takker for alt. ”Viss ”Saltdalingens” folk blir reddet, så be dem hilse hjem. Er det noen som kan hjelpe oss så må dere komme nå”. Dei som hadde hørt den fortvila meldinga, prøvde å kalle dei opp igjen, -men dette var det siste livsteikn frå ”Nyken” og dets mannskap.
Se mine andre annonser også. Mye bra for en billig penge.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.5.2026 kl. 12:11 ・ FINN-kode: 457653269
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt







