Fiks ferdig
Bildegalleri
(1/18)
Volda-soga 1800-1945. Jostein Nerbøvik. Holmgang med havet. 1838-1914.
Til salgs400 kr
Beskrivelse
Volda-soga 1800-1945. Jostein Nerbøvik. Holmgang med havet. 1838-1914. Volda kommune. Volda 1997.
Informsjon frå: https://lokalhistoriewiki.no/index.php?title=Jostein_Nerbøvik&mobileaction=toggle_view_desktop Jostein Nerbøvik (fødd 10. juli 1938 i Volda, død 18. mars 2004 i Oslo) var ein framståande historikar med omfattande lokal- og annan faghistorisk produksjon. Etter oppveksten i Volda studerte han historie hovudfag i Oslo og avla eksamen i 1967 med oppgåva Antiparlamentariske straumdrag i Noreg 1905-1914. Oppgåva kom ut i bokform kort tid etter.
Nerbøvik var ein av pionerane i oppbygginga av distriktshøgskulesystemet i Noreg, med tilsetting ved Telemark distriktshøgskule i Bø i Telemark i 1971. Der skreiv han òg første versjon av den læreboka som fram til 2012 var i bruk på dei fleste årsstudium (grunnfag) i historie ved norske høgskular og universitet: Norsk historie 1870-1905 (1973). Siste utgåva av denne boka kom i 1999. Medan han var i Bø engasjerte han seg i forsking og formidling av lokal- og regional historie for Telemark, m.a. gjennom boka Bønder i kamp. Bygdefolkets krisehjelp 1925-1935 (1991), som han i 1993 disputerte for graden dr.philos. med ved Universitetet i Trondheim.
I 1983 kom han tilbake til Volda og engasjerte seg tidleg i lokalhistorisk arbeid her, både som tilsett ved distriktshøgskulen og i lokalsamfunnet som redaktør for Voldaminne i fleire år. Da høgskulane fekk høve til å tilsetje professorar i 1993, hadde Nerbøvik alt fått godkjent kompetansen og vart ein av dei første professorane ved det som frå 1994 vart Høgskulen i Volda.
Frå kring 1990 og til han døydde hadde han òg eineansvar for bygdebokserien Volda-soga 1800-1945, der han rakk å fullføre fire band. Det tredje bandet heiter Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, og handlar om hans far Johan Magnus Nerbøvik og farfaren Johan Halvorsen Nerbøvik, som var fotografar i Volda.
Gjennom 1990-åra var Nerbøvik ein av dei viktigaste forkjemparane for Ivar Aasen-tunet, det nasjonale opplevings- og dokumentasjonssenteret for nynorsk skriftkultur i Hovdebygda i Ørsta.
Nerbøvik skreiv til saman 10 bøker, dusinvis med artiklar og heldt mange foredrag. Ottar Grepstad held Nerbøvik for å vere den mest kresne stilisten i nynorsk sakprosa og ein av dei fremste til å skrive norsk i det heile .
Nerbøvik er gravlagt ved Gamlebyen gravlund i Oslo.
Hentes i Oslo eller sendes. Ring eller tekst til 924 35 058 for å diskutere hentingen eller sendingen.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 457599479 |
|---|---|
| Sist endret | 27.3.2026 kl. 20:37 |





















