Er du jurist som vil jobbe for demokrati og offentlegheit?
Mattilsynet
- Frist 19.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du jurist som vil jobbe for demokrati og offentlegheit?
Mattilsynet er eit landsdekkande statleg tilsyn med ansvaret for heile verdikjeda frå fjord og jord til bord. Visjonen vår er: Saman tryggjar vi framtida for menneske, dyr og natur.
Vi er ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag, og mange er interesserte i sakene våre. Derfor får vi mange innsynskrav i dokumenta våre. Vi er eit team som handterer innsynskrava og som saman har ansvaret for å vurdere og behandle krav om innsyn på vegner av tilsynet.
Innsynsteamet er plassert i avdeling innsyn og søknader i tilsynsdivisjon landdyr og slakteri. Som medlem i teamet vil du også ha høve til å bidra til utvikling av rutinar og prosessar. Avhengig av behov kan det også bli aktuelt med andre saksbehandlingsoppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med takhøgde for diskusjonar og spørsmål. Du vil gjennom saksbehandlinga få eit godt innblikk i ansvarsområda til Mattilsynet og bidra til at vi legg til rette for openheit og innsyn, samtidig som vi sikrar at vi overheld teieplikt og tek personvernomsyn.
Kontorstad i Oslo, Bergen eller Tromsø. Kontorstad ved andre av Mattilsynet sine kontor kan vera aktuelt etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Behandle innkomne innsynskrav etter reglane i offentleglova, forvaltingslova og GDPR
Behandle avvik og klager til avslag i innsynskrav
Ha dialog med dokumenteigarar og saksbehandlarar i Mattilsynet
Ha kontakt med brukar dersom det er behov for oppklaringar
Ha dialog med samarbeidande etatar
Dialog med interessentar av innsynskrav
Jobbe med forbetringar av rutinar og prosessar for å handtere innsynskrav
Jobbe saman med andre i innsynsteamet og kvalitetssikre avgjerdene
Andre oppgåver tilknytte ansvarsområdet til avdelinga ved behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Interesse for og kjennskap til forvaltingsrett, offentleglova og GDPR
Det er ein fordel om du også har:
Erfaring med saksbehandling i offentleg forvalting
Interesse for offentlegheit i samfunnet
Interesse for digitalisering og teknologi
Personlege eigenskapar
Du er strukturert, fleksibel og nøyaktig.
Du må trivast med rutineoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling av rutinar og prosessar.
Du har gode samarbeidsevner og trivst godt med å jobbe i team, men kan også jobbe godt sjølvstendig.
Du set deg raskt inn i aktuelle saksbehandlingssystem og digitale verktøy.
Du er effektiv, samtidig som du varetar rettssikkerheit og samfunnsoppdrag.
I vurderinga av kandidatar vil vi legge vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) eller seniorrådgivar (stilingskode 1364) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 650 000 til kr 800 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn.
Ein arbeidsplass der vi samarbeider og hjelper kvarandre
Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag
Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid og vintertid), og moglegheit for heimekontor etter nærare avtale med leiar
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon: Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Kristin Lervåg på telefon 92 05 68 50, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søker du
Vi tek berre imot søknader elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no Søkarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden. For å bli vurdert må du laste opp vitnemål/karakterutskrift.
Vi håper å høyre frå deg!
Visjonen vår er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på brukarane sine behov. Vi er 1.200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gleder oss at vi har stige på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi nyttar informasjonen berre til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.
FerdigheterAI-generert
- General Data Protection Regulation (GDPR)
- Juss
- Kontinuerlig forbedringsarbeid
- Norsk forvaltningsrett
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Les mer om oss på våre hjemmesider www.mattilsynet.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: 0187 Oslo
- Flere arbeidssteder: Thormøhlensgt. 49, 5006 Bergen, Skippergata, 9008 Tromsø
- Bransje: Juridiske tjenester
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
Nøkkelord
jurist, offentlegheit, innsynskrav, forvaltingsrett, offentleg forvalting
Kollegaprat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457566900
- Sist endret

