Tilkallingsvikarar - Heimetenester Os
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 01.05.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vi ønskjer oss fleire tilkallingsvikarar!
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidarar. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan.
Vi treng tilkallingsvikarer som kan jobbe på dag, kveld, natt og helg. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Arbeidet er lagt opp etter lov om rett til helsehjelp. Vi ønskjer oss fleksible og løysningsorienterte medarbeidarar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsstad
Heimetenester Os
- Avd. 1 (Avd.leiar: Malin Solbakken)
- Avd. 2 (Avd.leiar: Inger Lise Tvedt)
- Avd. 3 (Avd.leiar: Hilde Hjelle)
- Natt/Heimehjelp/Ressursavd. (Avd.leiar: Rose Engevik)
Arbeidsoppgåver
- Utøva pleie og omsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Arbeide i brukars heim der brukar ønskjer å bu lengst mogleg - du er viktig for at dette ønskje kan bli realisert
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med alle arbeidsgruppar i avdelingar, hjelpe til på tvers av gruppar
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert, tar ansvar for å gjennomføre opplæringskurs som er pålagde
- Studentar/elevar får opplæring i prosedyrar etter delegasjon
Den erfaringa du får med å jobbe i heimesjukepleien vil du alltid ha nytte av uansett!
Kvalifikasjonar
- Førarkort kl. B
- Søkjarar utenfor Norden må dokumentera beståt "Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå)
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Bergenstesten
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
Ringevikar, Tillkallingsvikar, Ekstrahjelp, Eldreomsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456114317
- Sist endret
