Sikkerheitssjef
Hordaland tingrett
- Frist 19.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie sikkerheitsarbeidet ved eit av landets mest sentrale tinghus?
Om stillinga
Er du ein strategisk og handlingsorientert leiar som trivst best når du får kombinere tryggleik, beredskap og relasjonsbygging - og skape ein trygg kvardag for både tilsette og publikum? Då kan du vere den nye sikkerheitssjefen ved Hordaland tingrett.
Som vår sikkerheitssjef får du ei nøkkelrolle i ein institusjon med eit viktig samfunnsoppdrag der tryggleik står høgt på dagsorden. Du vil vere bindeleddet mellom leiinga, politi, beredskapsmiljø og resten av organisasjonen - og jobbe proaktivt for at rettsprosessar kan gjennomførast sikkert, effektivt og utan avbrot.
Arbeidsoppgåver
I denne rollen får du eit breitt og spennande ansvarsområde:
- Leie og utvikle arbeidet med fysisk og organisatorisk tryggleik i rettsbygget
- Operativ og strategisk leiar for sikkerheitspersonalet, inkludert personalansvar, fagleg utvikling, kompetansestyring og dagleg oppfølging
- Utarbeide, oppdatere og forankre sikkerheitsprosedyrar og beredskapsplanar
- Samhandle tett med politi, brannvesen og andre nøkkelaktørar
- Følgje trusselbildet og vurdere tryggleiksbehov knytt til rettsmøte og personell
- Gjennomføre og leie risikovurderingar og foreslå tiltak
- Heve tryggleiks- og beredskapskompetansen hos medarbeidarane gjennom opplæring
- Planleggje og gjennomføre øvingar for heile organisasjonen
Her får du ei rolle som kombinerer fagleg fordjuping, tett samarbeid med andre og handfast operativt arbeid - der du får sjå tydelege resultat av innsatsen din.
Kven ser vi etter?
Du har:
- Relevant utdanning innan politi, sikkerheitsfag, beredskap, juss eller liknande
- Erfaring med leiing og sikkerheitsarbeid, gjerne frå offentleg sektor eller rettsvesenet
- Kjennskap til trusselvurdering, risikohandtering og dagens tryggleiksteknologi
- Gode samarbeidsevner, tydeleg kommunikasjon og gjennomføringsevne
- Evne til å behalde ro og oversikt i krevjande situasjonar
Du må også oppfylle krav til vekter og kunne levere utvida politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein trygg og tydeleg leiar som er:
- Strukturert og løysingsorientert
- Sjølvstendig, men med sterk lagspelarkapasitet
- God på å bygge relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Komfortabel i ei rolle der du må ta raske og velgrunna avgjerder
Vi tilbyr
- Ei samfunnsviktig og meiningsfull leiarstilling
- Moglegheit til å spela ei sentral rolle i rehabiliteringa av Bergen tinghus - der tryggleik står sentralt
- Hyggelige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid og trening i arbeidstida
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Løn som seniorrådgivar (kode 1364) etter gjeldande tariffavtale
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling. (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling)
FerdigheterAI-generert
- Faregjenkjennig og risikoidentifiserig
- Fysisk sikring
- God kjennskap til juss
- Risikobasert sikkerhetsarbeid
- Risikostyring
- Risikovurdering
- Sikkerhetsregler
- Strategisk ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 50 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.
Hordaland tingrett har 39 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 86 årsverk.
Hordaland tingrett er lokalisert i Bergen. Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg tre avdelingsleiarar, ein direktør, 32 dommarar, 8 dommarfullmektigar og 45 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal og Øygarden.
Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 7412, 5020 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet, Vakt og sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457525177
- Sist endret