Leiar Traumesenteret
Helse Bergen HF
- Frist 20.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingssjef Traumesenteret
Haukeland universitetssjukehus er regionalt traumesenter i Helse Vest. Traumesenteret mottar kring 550 traumepasientar årleg, der omkring 175 av dei blir rekna som alvorleg eller livstruande skadd.
Traumesenteret er ein organisatorisk eining i Kirurgisk klinikk og skal sørge for god kontinuitet og tverrfagleg oppfølging i handtering av traumepasientane. Traumemanualen vår på www.metodebok.no/bok/traumehus omfattar alle rutinar som gjeld traumepasientane. Den kliniske verksemda ved Traumesenteret inkluderer traumemottak med vurdering av skadde pasientar, eventuelle prosedyrar og hemostatisk kirurgi, traumevisitt på intensiv- og overvakingseiningane, samt visitt på sengepostane. Legar og sjukepleiarar ved Traumesenteret underviser i traumatologi gjennom kurs i traumesjukepleie, teamtrening og hemostatisk nødkirurgi. Vi driv óg mykje undervisning på høgskular (Bachelor i sjukepleie, spesialsjukepleie), av legestudentar, internt på andre avdelingar på sjukehuset, og på andre sjukehus i Helse Vest. Traumesenteret har ansvar for rapportering til Nasjonalt traumeregister (NTR) og legane må kunne støtte registrarene i å tolke anatomisk omfang av ulike skadetypar. Dei tilsette ved Traumesenteret blir oppmoda om å forske på registeret som omfattar over 9000 pasientar.
Som avdelingssjef for Traumesenteret har du eit overordna og sjølvstendig ansvar for å sikre best klinisk praksis, god pasientbehandling og pasienttryggleik innanfor klinikken og føretakets rammer. Du har og overordna økonomisk ansvar.
Avdelingssjef skal bidra til gode løysingar og pasientforløp i tett samhandling med fleire einingar ved sjukehuset.
Vi ønsker oss ein leiar som involverer og samlar dei tilsette. Vi forventar at du formidlar viktige verdiar og haldningar som vil bidra til at vi i Kirurgisk klinikk og ved Traumesenteret fungerer saman i eit opent og godt fagleg fellesskap.
Avdelingssjef for Traumesenteret vil i tillegg ha eit særskilt ansvar for beredskap både for Traumesenteret, Kirurgisk klinikk og i utvida samanheng, sidan Traumesenteret og har ansvarsområder innan beredskap som grip over på heilskapsnivå for Haukeland sjukehus og Helse Bergen.
Traumesenteret har ein komplisert logistikk og viktige ansvarsområde. Difor er det viktig at du har solide kunnskapar innan fagfeltet og kan fatte avgjerder i den daglege drifta og samstundes bygge leiarskap og utvikle Traumesenteret over tid. Vi søker deg som har evne og vilje til å fronte Traumesenteret på Haukeland universitetssjukehus og løfte fagfeltet inn i framtida. Leiar for Traumesenteret vil ha vide fullmakter til å organisere og leie avdelinga innan dei til ein kvar tid gjeldande rammer.
Avdelingssjef for Traumesenteret sit i leiargruppa og rapporterer til klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Sikre god og fagleg forsvarleg drift av avdelinga
- Overordna fag-, personal- og økonomisk resultatansvar
- Legge til rette for forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Ansvar for god resursstyring, pasienttryggleik og kvalitet i avdelinga
- Ansvar for beredskapsarbeid
- Mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
- Kunnskap og relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Relevant leiarutdanning og -erfaring er ønskeleg
- Erfaring frå prosjekt-, kvalitet- og forbetringsarbeid
- Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og nivå i helsetenesta er ønskeleg
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du kan leie og bli leia
- Interesse for fagområdet multitraume
- Du har eit godt lag med folk og får frem det beste i dei og tar avgjerder til det beste for heilskapen
- Du trivast med å motivere og samle dei tilsette om felles mål og stiller krav til deg sjølv og medarbeidarane for å nå desse måla
- Du har interesse og engasjement for alle sider av drifta ved avdelinga
- Du har god økonomi- og organisasjonsforståing og jobbar analytisk og strategisk
- Du evnar å fatte avgjersler og iverksette desse
- Du legg vekt på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Du har fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
- Du er initiativrik, har gjennomføringsevne og toler press
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og resultatorientert arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling, også som leiar
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Forskning
- Kontinuerlig forbedringsprosess (CIP)
- Kvalitetsstyring
- Logistikk
- Pasientbehandling
- Rapportering
- Traumatologi
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder Traumesenter, Avdelingssjef, Traumesenteret, Traumesenter Helse Vest, Leder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457520836
- Sist endret


