Jurist (eittårig vikariat)
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 13.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du jurist og ønskjer å jobbe med utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom jus og politikk?
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet søkjer ein jurist til eit eittårig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i medie-og kunstavdelinga.
Stillinga vil i hovudsak vere knytt til pengespelfeltet, eit spanande og fagleg utfordrande område i skjeringspunktet mellom jus og politikk. Målet med pengespelpolitikken er å verne sårbare personar ved å førebyggje speleproblem og andre negative konsekvensar av pengespel, og sikre at pengespel blir gjennomførte på ein trygg og ansvarleg måte. Samstundes skal overskot frå pengespel gå til ikkje-kommersielle formål. Statens viktigaste verkemiddel i pengespelpolitikken er eigarskapet i Norsk Tipping.
Pengespel er regulerte gjennom ei løysing der Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har einerett på spel med høgast risiko for speleproblem. Feltet er under press frå internasjonale, uregulerte aktørar og får til tider stor politisk merksemd. Pengespellova og -forskrifta skal sikre ei heilskapleg og konsekvent regulering.
Stillinga er i seksjon MK 1. Seksjonen har ansvar for medie- og pengespelpolitikk, og for spørsmål om tilsyn med stiftingar. I tillegg har seksjonen ansvar for etatsstyringa av Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet, samt eigarstyring av Norsk rikskringkasting AS og Norsk Tipping AS. Dette gir deg høve til å jobbe i eit fagmiljø med brei kompetanse og varierte problemstillingar.
Arbeidsoppgåver
Stillinga byr på eit breitt spekter av juridiske oppgåver, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Arbeidet vil mellom anna innebere:
- arbeid med regelverksendringar og utgreiingar
- handsaming av løpande saker på pengespelfeltet
- deltaking i vidareutviklinga av politikkområdet
- bidrag til departementet si eigarstyring av Norsk Tipping
Du kan òg bli involvert i arbeidet med å vurdere om løyvet til å drive hestespel bør førast over til Norsk Tipping frå Norsk Rikstoto, og om Norsk Tipping skal få høve til å tilby nettpoker.
Det kan òg vere aktuelt å jobbe med andre oppgåver i avdelinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap, med gode resultat
- minimum 2 års relevant arbeidserfaring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du har:
- erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå eit departement
Forkunnskap om pengespelpolitikk er ikkje nødvendig.
Vi ser etter deg som har:
- evne til å jobbe sjølvstendig
- gjennomføringsevne
- gode samarbeidsevner
- analytiske evner
Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga og kva motivasjon du har for stillinga og arbeidsområdet.
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
- lønn frå kr 600 000 til kr 710 000 brutto per år som rådgjevar, eller frå kr 660 000 til kr 870 000 brutto per år som seniorrådgjevar. (for spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast)
- innplassering som seniorrådgjevar krev minimum fem års relevant erfaring
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal våren 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon + 47 907 95 192 eller fagdirektør Harald Høiby på telefon + 47 41 76 33 67.
Om avdelinga
Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk.
Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.
FerdigheterAI-generert
- Juss
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kultur - og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områdene kultur, opphavsrett, kyrkje, medier, idrett, frivillig verksemd, tros- og livssynssamfunn og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grubbegata 1, 0179 Oslo
- Bransje: Juridiske tjenester, Kunst og kultur, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457450203
- Sist endret

