2 statsadvokatar
ØKOKRIM
- Frist 14.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli statsadvokat i Økokrim og være med å bekjempe økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?
Om stillingane
Vil du vera med på å styrkja Noregs innsats mot økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet?
Økonomisk og miljørelatert kriminalitet blir stadig meir kompleks og samfunnsskadeleg. Som den sentrale eininga til politiet på desse områda står Økokrim i frontlinja. Økokrim er både et særorgan i politiet og statsadvokatembete. No søkjer me etter to statsadvokatar som vil bidra til å vidareutvikla arbeidet vårt og styrke Noregs evne til å møta desse utfordringane.
Om stillingane
Økokrims statsadvokatar er ein del av den høgare påtalemakta. Me stiller derfor svært høge krav til fagleg dyktigheit, samarbeidsevne, integritet og utviklingsorientering.
Som statsadvokat vil du inngå i Juridisk avdeling og delta i tverrfaglege etterforskingsprosjekt med andre juristar og etterforskarar med politi-, økonomi-, miljø- og teknologi faglig bakgrunn.
Som statsadvokat blir du tilsett i Økokrim og det forventast at du ikkje berre løyser kjerneoppgåvene i etterforsking og iretteføring, men at du òg tek eit aktivt medansvar for å bidra til utvikling på alle områder i Økokrim.
Vi ser etter kandidater som har interesse for, og evne til, å se påtalemyndighetens rolle i hele den tverrfaglege verdikjeda frå etterretning til iretteføring. Evne til å ta i bruk teknologi og nye datadrevne metoder gjør seg stadig sterkere gjeldende i kriminalitetsområdene Økokrim har ansvar for. Som statsadvokat forventast at du bidrar til å setje Økokrim i stand til å gjere rette prioriteringar, oppdage sårbarheiter tidleg og jobbe meir effektivt med eit stadig meir komplekst kriminalitetsbilete.
På det utoverretta planet forventast det at du bidreg til å utvikle Økokrims rolle som leiande organ i offentleg-private samarbeid og i tverretatlige samarbeid. Slike samarbeid inneber blant annet tettare samhandling med finansnæringa, telekom, kontrolletatar og andre private og offentlege aktørar, og krev at Økokrims juridiske og påtalemessige kompetanse er synleg og tydleg inn i dei felles strukturane som er under utvikling.
Endeleg forventast det at du aktivt bidreg til å vidareutvikle Økokrims fagledelsesarbeid i tråd med riksadvokatens forventningar om styrka og systematisk fagleiing - eit arbeid som krev at statsadvokatane tek eit tydeleg ansvar for retning, standard og kompetanseutvikling i straffesaksarbeidet.
Den eine stillinga vil bli knytt til anti-korrupsjonseiningen.
Økokrim har etablert ei eiga anti-korrupsjonseining som skal vera eit nasjonalt kompetansepunkt for kamp mot korrupsjon. Eininga skal etterforska, påtala og aktorera eigne saker, hjelpa politidistrikta i korrupsjonssaker, driva kompetanseheving i politi og påtalemakt, kartleggja korrupsjonsrisiko og jobba utoverretta mot privat og offentleg sektor for å førebyggja korrupsjon og annan alvorleg kriminalitet. Me skal tilsetja ein statsadvokat som blir knytt til anti-korrupsjonseininga.
Det blir føresett brei samfunnsinteresse og engasjement for antikorrupsjon. Ettersom eininga er under oppbygging, ser me etter ein initiativrik og sjølvstendig person med leiareigenskapar. Han eller ho bør trivast med å driva rettleiing internt i politi- og påtalmakta og ekstern kontakt med næringsliv og offentleg sektor. Interesse for internasjonalt arbeid og språkkunnskapar vil vera ein fordel.
Arbeidsoppgåver
- planleggja, organisera og leia etterforsking av straffesaker
- påtaleavgjere og føre eigne straffesaker i retten i alle instansar
- videreutvikle Økokrims rolle som høyrings-, bistands- og rådgjevingsorgan
- bidra til å styrke og videreutvikle kompetansen innan økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet internt og eksternt
- delta i og understøtte Økokrims tverretatlege samarbeid og offentlig-private samarbeid.
- delta i regelverksutvikling, forbetring av metodar og tilnærming i straffesaker i tråd med teknologiutviklingen
- drive undervisnings- og foredragsarbeid
- samarbeide med styresmakter i inn- og utland
- utføra andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vera kvalifisert:
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- særs gode juridiske kunnskapa
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er også ønskjeleg med:
- normalt 8 års relevant yrkeserfaring
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
Søknader utan vitnemål vil ikkje bli behandla. Vi ønskjer òg relevante arbeidsattestar.
Du må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG, ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Ved å søkje på stillinga samtykkjer du til at det blir gjort ei skikkavurdering av deg. Vurdering av skikka- og kvalifikasjonar vil bli vektlagde. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege eigenskapar
- høg integritet og etisk medvit
- evne til å arbeida effektivt, gjennomføra planar og oppnå resultat i et tverrfaglig miljø
- initiativrik og selvgående med evne til å ta fagleg og operativt ansvar
- evne til å samhandla godt internt og eksternt, inkludert med privat sektor, media og internasjonale partnarar
- evne til å bidra til kompetansedeling og bidrag til organisasjonsutvikling
- interesse for og forståing av teknologisk utvikling og digitale verktøy i kriminalitetsbekjemping er ønskeleg
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Dette kan me tilby om du vel oss
- utviklande og spennande arbeidsoppgåver
- interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
- godt arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid
- samarbeid med politi og andre etatar i inn- og utland
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- stillinga blir lønt som statsadvokat (stillingskode 0253) for tiden kr. 1 355 000,-
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i statenher (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylla ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skriva eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggja ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Gjøre undersøkelser
- Juridisk kompetanse
- Juss
- Oppdage økonomisk kriminalitet
- Rettssak
- Straffesak
- Teknisk utviklingsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Økokrim førebyggjer, etterrettar, etterforskar og fører saker for retten innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet over heile landet. Økokrim er lokalisert i Oslo. I tillegg har vi bedragerieininga på Gjøvik og regionskontor i Tromsø, Trondheim, Bergen, Larvik og Lillestrøm. I september 2026 flyttar Økokrim inn i nye og moderne lokale i Grenseveien 78 på Helsfyr. Les meir om oss på http://www.okokrim.no/.
Økokrim følgjer staten sin personalpolitikk om å styrkje likestilling, inkludering og mangfald. Den seier at dersom vi har kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, så skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kryss derfor av om dette i rekrutteringsportalen. Sjå https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: C.J Hambros plass 2 C, 0165 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Advokat, Jurist, Politiadvokat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457435277
- Sist endret

