Førstekonsulent
Vestland fylkeskommune
- Frist 10.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Førstekonsulent
Tertnes vidaregåande skule har om lag 530 elevar og 60 tilsette. Skulen ligg sentralt på Åstveit i Åsane bydel. Skulen tilbyr Studiespesialisering og Studiespesialisering med Toppidrett. Vår konsulent går av med pensjon, og vi søkjer hennar etterfølgjar med oppstart 1.august 2026. Konsulenten er ofte dei besøkande sitt første møte med skulen, skulen sitt ansikt utad, og representerer verdiane til skulen gjennom profesjonell kommunikasjon og service. Konsulenten må ha evne til å vere fleksibel og handlekraftig, løyse praktiske oppgåver fortløpande, prioritere arbeidsoppgåver og oppretthalde god struktur og kontroll. Du blir ein del av vårt administrative team og får ei viktig rolle i å sikre ein effektiv og godt organisert drift av skulen. Med di serviceinnstilling bidreg du til at alle elevar, føresette, medarbeidarar og andre som oppsøker resepsjonen får god hjelp, noko som gjer kvardagen enklare og meir effektiv for dei tilsette – og dermed styrkjer trivsel og læringsmiljøet for elevane.
Arbeidsoppgåver
- Sentralbord og ekspedisjon
- Brukarstøtte for elevar og tilsette
- Oppgaver knytta til løn, rapporteringar og reknskap
- Budsjettarbeid i samarbeid med rektor
- Sakshandsaming og arkiv
- Kontoradministrative oppgåver
- HMT-arbeid/vedlikehald av Internkontrollsystemet
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i kontorfag og/eller relevant utdanning
- Gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med erfaring frå vidaregåande opplæring
- Erfaring i bruk av Elements, Kvalitetssystem og VISMA in School
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løsningsorientert i ein variert arbeidskvardag
- Sjølvstendig, målretta og strukturert
- Løysingsorientert
- Taklar høgt tempo og utfordringar
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø
- Kommuniserer godt med unge menneske
- Personleg egnethet vektlegges
Vi tilbyr
- Ein moderne skule med eit aktivt og godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i ein skule med mangfold og utvikling
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Betjene sentralbord
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Implementering og testing av interne kontrollsystemer (ICS)
- Kjøre lønn
- Kontorledelse
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tertnesveien 29, 5113 Tertnes
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontor og administrasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457410245
- Sist endret



