Økonomisjef
Det Vestnorske Teateret AS
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling ved eit av landets viktigaste teater med nynorsk og dialektar som scenespråk vert ledig
Det Vestnorske Teateret er det leiande nynorskteateret for Vestlandet. Vi nyttar både nynorsk og dialekt som scenespråk. Vår identitet er forankra i den vestnorske kulturen. Teateret har eit høgt ambisjonsnivå med fokus på ny norsk dramatikk og publikumsvekst. Teateret med sine tre scener held til på Ole Bulls Plass i hjartet av nynorskhovudstaden Bergen. Teateret engasjerer 25 årsverk fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Arbeidsmiljøet er prega av stort engasjement, fleksibilitet og høgt ambisjonsnivå.
Om stillinga
Det Vestnorske Teateret søkjer ein strukturert og analytisk økonomisjef med rekneskapserfaring som trivst med å vere tett på den daglege drifta. Du vil ha ei sentral rolle i å sikre trygg og god økonomisk styring i ei verksemd med høg aktivitet og korte beslutningsliner.
Som ansvarleg for rekneskap, løn og økonomistyring på teateret kjem du inn i eit spennande, dynamisk og kreativt miljø med tilsette som arbeider med teater, musikk, kunst og kultur i og utanfor huset.
Om rolla
Rolla kombinerer operativt ansvar for rekneskap og løn med arbeid knytt til budsjett, prognosar, prosjektoppfølging og dagleg oppfølging av økonomirutinar i dei ulike avdelingane.
Det Vestnorske Teateret er eit lite teater med høg aktivitet, og du vil vere ein viktig bidragsytar og sparringspartnar for leiinga i økonomiske spørsmål. Vi trur at den som vil trivast i stillinga, likar å vere tett på den daglege drifta og i godt samspel med dei andre i administrasjonen.
Du har god oversikt over budsjett og forbruk og bidreg til å sikre ei trygg og føreseieleg økonomistyring.
Du må vere godt kjend med relevante lover og reglar, samt system og verktøy for økonomistyring og prosjektøkonomi. Du vil òg bidra til utvikling og forbetring av økonomiprosessar og rutinar.
Ansvarsområde
• Rekneskap A–Å og årsoppgjer, inkludert dialog med revisor
• Løn og oppfølging av timelister
• Budsjett, prognosar og økonomisk rapportering
• Økonomiske analysar og styringsinformasjon
• Produksjons- og prosjektoppfølging, inkludert kalkylar
• Kvalitetssikring av rekneskap og økonomirutinar
• Fakturahandsaming
• Oppfølging av økonomisystem og integrasjonar mot billettsystem
• Forbetring av rutinar for økonomioppfølging og rapportering
• Kontraktsarbeid og administrative støtteoppgåver etter nærare avtale med direktør
Ønska kvalifikasjonar
• Solid erfaring med rekneskap og økonomistyring
• Økonomisk utdanning på høgskulenivå eller tilsvarande relevant erfaring
• Autorisasjon som rekneskapsførar er ein fordel
• Erfaring frå prosjektbasert verksemd / controllerarbeid er ein fordel
• Erfaring frå kunst- og kulturfeltet og/eller offentleg verksemd er ein fordel
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• Må kunne bruke nynorsk som arbeidsspråk
• God systemforståing og interesse for digitale verktøy
Vi fører i dag rekneskapen i PowerOffice. Det er ønskjeleg at du har kjennskap til dette eller tilsvarande system, eller evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy.
Personlege eigenskapar
• Strukturert og systematisk
• Analytisk med god systemforståing
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Sjølvstendig og robust
• Høg arbeidskapasitet
Vi tilbyr
• Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
• Ei sentral rolle i ein regional kulturinstitusjon
• Eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
• Høve til å vidareutvikle økonomifunksjonen
• Arbeidsstad i Bergen sentrum
Fast tilsetjing i 100 % stilling, løn etter avtale
Stillinga rapporterer til direktør og arbeidsstaden er på teateret.
Stillinga har ikkje personalansvar
Søknadsfrist 12. april 2026
Søkjarlista er offentleg. Det må særskilt grunngjeving til for å få unntak frå offentleggjering frå søkarlista.
Søknad kan sendast til
Det Vestnorske Teateret
v/direktør Atle Marøen
Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen
Alternativ digital søknad til stilling@detvestnorsketeateret.no
Ferdigheter
- Bedriftsregnskapsføring
- Controlling
- Kjøre lønn
- Økonomistyring
- Regnskapsansvar
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det Vestnorske Teateret er det leiande nynorskteateret for Vestlandet. Vi nyttar både nynorsk og dialekt som scenespråk. Vår identitet er forankra i den vestnorske kulturen. Teateret har eit høgt ambisjonsnivå med fokus på ny norsk dramatikk og publikumsvekst. Teateret med sine tre scener held til på Ole Bulls Plass i hjartet av nynorskhovudstaden Bergen. Teateret engasjerer 25 årsverk fordelt på teknisk avdeling, kunstnarleg lag, og administrasjon. Drifta har faste tilskot frå stat og fylkeskommune, samt prosjektstøtte frå Bergen Kommune. Den største eigaren er Vestland fylkeskommune
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvre Ole Bulls plass 6, 5012 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
økonomisjef, økonomistyring, poweroffice, nynorsk, rekneskap
Sentral plassering på Ole Bulls plass (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457314692
- Sist endret


