Rådgiver/seniorrådgiver plan
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgiver/seniorrådgiver plan
Vil du jobbe med bruk og vern av areal i kommunane saman med kollegaer i plangruppa og saman med kommunane og private planleggarar?
Plan- og klimaseksjonen har ledig ei fast stilling og eit eittårig vikariat som rådgivar/seniorrådgivar i plan. I seksjonen er vi sju medarbeidarar, og har mellom anna ansvar frå oppfølging av kommunane si planlegging etter plan- og bygningsloven. Det vil seie at vi mellom anna følgjer opp og rettleiar kommunane innafor planfaglege spørsmål knytt til naturmangfald, klima, vassforvaltning, strandsone, friluftsliv, barn og unge, universell utforming, samfunnstryggleik, landbruk, landskap med meir. Gjennom saksbehandling og synfaringar vil du samarbeide med mange ulike personar og organisasjonar som kan ha både likt og ulikt syn i saka som Statsforvaltaren.
Korleis arbeider vi i vår seksjon?
I vår seksjon arbeider plansaksbehandlarane i det vi kallar plangruppa. Det er fem medarbeidarar i gruppa som samarbeider tett. Kvar saksbehandlar har ansvar for å følgje opp «sine» kommunar og for å koordinere Statsforvaltaren sine ulike faglege innspel til plansakene frå desse kommunane. Du vil bli ein del av denne gruppa.
Kva er dine arbeidsoppgåver?I denne jobben vil du
- gi kommunane kunnskapsbaserte råd om bruk og vern av areal
- behandle plansaker og dispensasjonssaker
- få eit godt innblikk i kva som går føre seg i kommunane både i overordna og detaljert planlegging
- få mange dyktige kollegaer innanfor svært mange fagområde
- få jobbe både sjølvstendig og i team
- delta på synfaringar og kommunebesøk
Andre oppgåver enn dei som er omtalt ovanfor kan og bli tillagt deg.
Som plansaksbehandlar får du ansvar for tema som du har kompetanse i. Du vil og få gleda av å dele kompetansen din med kollegaer i seksjonen og andre hos Statsforvaltaren.
Du har
- mastergrad eller tilsvarande innan arealplanlegging, naturforvaltning, landskapsarkitektur eller biologi, eventuelt andre mastergradar som er relevante for planarbeid
- kunnskap om plan- og bygningsloven
- eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk
Det er ein fordel at du har
- arbeidserfaring frå behandling av planer etter plan- og bygningsloven
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vektleggast spesielt. Mellom anna
- er du strukturert og sjølvstendig
- er du god til å kommunisere med andre
- evner du å stå i faglige uenigheter og kan handtere desse på ein rolig og løsningsorientert måte
- er du analytisk og klarer å prioritere kva som er viktig
Hos oss får du
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- løn som 1434 rådgivar/ 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr.590.000,- til kr.800.000,- . Lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. I særskilte tilfelle kan høgare lønn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Ulf Lucasen på telefon (Norge +47) 48022090.
Søknadsfrist: 12. April 2026
FerdigheterAI-generert
- Arealplanlegging
- Biologi
- Landskapsarkitektur
- Naturforvaltning
- Norsk
- Plan- og reguleringsloven (Byplanlegging)
- Saksbehandle søknader
- Utarbeidelse av reguleringsplaner
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 6412 Molde
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog, Planlegger, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457306499
- Sist endret
