Bildegalleri
(1/7)
Stumpjumper 15 Alloy coil FOX
Til salgs49 990 kr
Beskrivelse
Stumpjumper 15 Alloy – Den ultimate stisykkelen utan kompromiss
Stumpjumper 15 Alloy er her for å slette alle kompromiss i stispelet. Slukar den ujamnheiter som ein utforsykkel? Jepp. Har den kontrollen, leikenheita og effektiviteten til ein stisykkel med kort vandring? Dobbeltsjekk. Kva med ein solid dose tilpassing for den einaste ryttaren som betyr noko – deg? Sjekk, sjekk, sjekk.
Perfeksjonert kinematikk: Som den definitive stisykkelen, balanserer Stumpjumper 15 Alloy effektivitet med optimal handtering av slag. For "anti-squat" på Stumpjumper 15 Alloy har vi funne den perfekte balansen mellom førre Stumpjumper og Stumpjumper EVO – begge kjende for sine framifrå tråkkeigenskapar.
Slipt geometri: Geometrien på denne sykkelen gir deg kapasiteten til ein grov sykkel når du treng det, ei kvikk ob?ensle i tekniske parti, og ein livleg og effektiv karakter i klatringane. Den romslege cockpiten sentrerer deg i sykkelen, noko som optimaliserer grepet og kontrollen i svingane. Lågt kranklager, slakk styrevinkel og optimalisert "fork offset" held det stabilt når terrenget blir tøft.
Køyr på din måte: Stumpjumper 15 Alloy integrerer bransjeleiande justerbar geometri, noko som gjer den til den mest tilpassingsvenlege stisykkelen nokon gong. Seks ulike geometri-innstillingar lèt deg spisse ytelsen for kva som helst stil og terreng. Styrevinkelen og krankhøgda kan finjusterast for stabilitet eller klaring.
Form følger moro: Vi kan lage ei ramme så stiv vi berre vil, men det finst noko som heiter for stiv. For å bli eitt med sykkelen krevst det innebygd fleksibilitet i ramma. Vi har konstruert M5 Alloy-chassiset – front, bakende og link – som ei einskapleg eining som treff det perfekte stivleiksmålet for stisykling.
Hjulstorleik: Alle modellar med stålfjær (coil) kjem med "mixed wheels" (Mullet).
Val av hjul: Med våre "aftermarket" linkar kan du velje mellom store hjul framme og bak, eller blande inn eit 27,5” bakhjul for ein meir responsiv og leiken tur. Uansett kva du vel, blir ikkje geometrien påverka.
Få med deg alt: SWAT på Stumpjumper 15 løftar lagring i underrøret til eit nytt nivå – ein innovasjon vi var først ute med.
Meir uthaldande enn deg: Våre fulldempa syklar er bygde for å vare, designa for å tåle årviss hard køyring, og støtta av dei beste programa for å halde deg på stien. Vår uslåelege livstidsgaranti på svinglager til første eigar er berre ein av måtane vi passar på deg.
Høgdepunkt:
Heilt ny M5 aluminiumsramme med integrert SWAT -luke
Roval Traverse aluminiumshjul med DT Swiss-nav
Ride Dynamics Tuned FOX DHX Factory stålfjærdempar
Kraftig FOX FLOAT 38 Factory-gaffel med GRIP X2-dempereining
Shimano SLX drivverk – fokusert på ytelse og haldbart
Massive bremsekrefter frå TRP DH-R EVO 4-stempel bremsar
PNW LOAM senkepinne med justerbar vandring
Livstidsgaranti på svingarmens lager (for første eigar)
Ny sykkel eller service? Sykkel Tid hjelper deg!
Sykkel Tid i Stryn er stolt forhandlar av Specialized, Giant, Santa Cruz, Rocky Mountain, Amflow, Marin og Woom.
Vi har eit topp moderne verkstad som tar alle typar reparasjonar. Vi utfører diagnose på el-system og er ekspertar på demperservice (Fox, RockShox, DVO).
Besøk oss i Stryn for ein trygg handel og profesjonell service!
Opningstider:
Mandag: Stengt
Tys-Ons: 10.00-17.00
Torsdag: 10.00-19.00
Fredag: 10.00-17.00
Laurdag: 10.00-15.00
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Nøkkelinfo
- Tilstand
- Helt ny - Uåpnet/med lapp
- Sykkeltype
- Fulldemper
Beliggenhet
| FINN-kode | 457236946 |
|---|---|
| Sist endret | 25.3.2026 kl. 13:23 |








