Kultursjef
Kvinnherad Kommune
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Einingsleiar kultur
Kvinnherad har solide tradisjonar og stor aktivitet i kultur, idrett og frivilligheit. Dette er viktige byggesteinar i samfunnet. Vil du bli byggmeister hos oss?
Vi søkjer ein strategisk, samlande og utviklingsorientert einingsleiar for kulturtenestene som kan løfte feltet vidare – i tett samarbeid med innbyggjarar, frivillig sektor, næringsliv og regionale aktørar.
Om stillinga
Som kultursjef får du det overordna ansvaret for å etablere, utvikle og leie vår nye kultureining. Eininga høyrer til Sektor Samfunnsutvikling og her er tre avdelingar som skal styrke samarbeidet frametter:
- Kulturarena: Kvinnherad Arena, Kulturhuset Husnes og Husnes kino
- Bibliotek og bokbuss
- Frivilligsentralar med Bua på Husnes og i Rosendal
Arbeidsområdet er i endring og i tillegg til avdelingane sine noverande kjerneoppgåver skal nokre andre tenester utførast i eininga, td. drift av utstyrspool, tilskotsordningar, kunstnarkontakt og noko museumsdrift.
Det er til saman 20 tilsette på fleire lokasjonar. Du vil vere ein sentral initiativtakar for kommuneleiinga og du får ei nøkkelrolle for god samfunnsutvikling i Kvinnherad.
Dette omfattar:
Strategisk utvikling av kulturfeltet, inkludert kulturplanlegging og kulturelle satsingar
Samla leiaransvar for nyskapinga Eining kultur med personalansvar for avdelingsleiarane og budsjettansvar for eininga
Bidrag til å nå kommunen sine vedtekne mål om eit friskt, grønt og attraktivt Kvinnherad
Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, arrangørar og ressurspersonar, kommunale einingar og offentlege etatar, museum, festivalar og profesjonelle aktørar
Forvaltning og utvikling av kulturmidlar, tilskotsordningar, kulturstipend, utstyrspool, museumsdrift og kunstnarsamarbeid
Prosjektutvikling og programmering innan kultur, folkehelse, inkludering og lokalsamfunnsutvikling
Deltaking i leiargruppe(r)
Representasjon i lokale og regionale forum og kulturelt kontaktpunkt for innbyggjarane
Kven er du?
Vi ser etter ein kultursjef som:
Har relevant høgare utdanning innan kulturfag, samfunnsfag og/eller leiing
Har leiarerfaring innan kulturarbeid, offentleg forvaltning og prosjektleiing og erfaring frå endringsarbeid og organisasjonsbygging
Er ein tydeleg og inspirerande leiar som får folk med seg og bygger ein robust organisasjon
Kan ta i eit tak høgt og lågt, både morgon og kveld når det trengs
Har god forståing for samspel mellom kommune, frivillig sektor og profesjonelle kulturmiljø
Er strategisk, strukturert og utviklingsorientert
Kommuniserer godt skriftleg, munnleg og visuelt, særleg på nynorsk og gjerne også på engelsk
Har evne til å sjå heile kommunen og bygge kultur som bind oss saman
Har førarkort
Av personlege eigenskapar ønskjer vi særleg dette: lojal, etterretteleg, fleksibel, kvalitetsmedviten, tolmodig og venleg.
Med eit glimt i auget byr vi på:
Fast stilling og laus snipp
Stort ansvar og lite kjeft
Brei portefølje og smalt budsjett
Grøne verdiar og (nokre) raude dagar
Friske takter og sjukt travle dagar
Meir formelt tilbyr vi:
Eit engasjert fagmiljø og dyktige medarbeidarar
Arbeid i heile kommunen med oppmøtestad Husnes og Rosendal
Løn etter avtale
Snarleg tiltreding
Stillinga er unnateke overtidsreglane og har 10 ekstra fridagar som kompensasjon for dette
Tilsetjing etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med hovudtariffavtalen og arbeidsmiljølova
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
Ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Gyldig politiattest må leggjast fram der det er påkravd.
Ferdigheter
- Folkehelse
- Gjennomføring av utviklingsprosjekter
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Søknads- og tilskuddsordninger
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kvinnherad kommune har vel 13.000 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5470 Rosendal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Event og arrangementer, Ideelle organisasjoner, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kultur og museum, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
kultursjef, kultur, lokalsamfunnsutvikling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457124942
- Sist endret