Miljøarbeidar
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar
Laksevåg og Bergen maritime vgs har 75 tilsette og omlag 480 elevar. Skulen har totalt 33 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.
Ved avdeling Laksevåg har skulen frå 1.august ledig fast stilling som miljøarbeidar knytt til tilrettelagt opplæring, arbeidstrening (HTA).
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Stillinga følgjer skuleruta.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
- Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til deira faglege og sosiale utvikling gjennom heile skuledagen.
- Hjelpe elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov.
- Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- Samarbeide tett med lærarar og andre fagpersonar
- Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter og kompetanse som gjer dei i stand til å meistre arbeidslivet.
- Denne stillinga er i hovudsak knytt til byggfag.
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev
- Erfaring frå arbeid retta mot ungdom er ønskjeleg.
- Det er ønskjeleg med kompetanse innan byggfag.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde.
Vi ønsker at du:
- har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
- samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
- er trygg, tydeleg og inkluderande
- er initiativrik
- meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
- eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
- eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- 100 % stilling men 89 % lønn sidan stillinga følger skuleruta.
FerdigheterAI-generert
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Gravdalsrinden 47, 5165 Laksevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøarbeider, Arbeidstrening, Byggfag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456947671
- Sist endret



