Sommarjobb ved Ulven leir
Forsvarsbygg
- Frist 13.04.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb ved Ulven leir
Forsvarsbygg ved Ulven leir søkjer 2 sommarvikarar til førefallande vedlikehaldsarbeid i sommarferien i veke 28, 29 og 30.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Vi ønskjer at sommarvikarane våre kan jobbe alle dei 3 vekene som oppgitt (veke 28-30). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid, som til dømes maling, rydding av inne- og uteareal osv.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2026
- God orden og åtferd
- Du må kunne autoriserast før oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeid (kode 1138/1115), frå kr. 293 500 til kr. 417 600 i brutto årleg lønn.FerdigheterAI-generert
- Rengjøreing av hage/ gård
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5200 Os
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommervikar, sommerjobb, ferievikar, drift, ute
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456122081
- Sist endret


