Museumsmedarbeider
Stiftinga Viti
- Frist 10.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Museumsmedarbeider ved Anders Svor-museet
Viti søkjer ein engasjert og serviceinnstilt museumsmedarbeidar til ei 40 % fast stilling ved Anders Svor-museet.
Vi har eit mål om å utvikle eit aktivt publikumstilbod retta mot både lokalsamfunnet og tilreisande, og vi ser etter ein fleksibel medarbeidar som vil få varierte museumsfaglege oppgåver, med hovudvekt på formidling, vertskap og marknadsføring.
Museet er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864–1929) og ligg vakkert til rett ved E39 i Hornindal. Museet formidlar livet og kunsten til ein av dei sentrale norske bilethoggarane frå rundt 1900.
Stillinga er ei fleksibel deltidsstilling, der arbeidstida vert gjennomsnittsberekna slik at det er høgare aktivitet i sommarsesongen når museet har faste opningstider. Det er ønskeleg med 1-2 faste arbeidsdagar pr. veke gjennom året. Noko arbeid på kveld og i helg må påreknast.
Arbeidsoppgåver
betene resepsjon og publikumsmottak
vere vertskap for publikum og bidra til gode besøksopplevingar
ansvarleg for å ta imot førespurnadar frå publikum, booking og koordinering av publikumsbesøk og arrangement
utvikle pedagogiske opplegg for barnehagar og skular i samarbeid med formidlingskurator i Viti og sørge for gjennomføringa av desse
digital formidling
ansvarleg for kontakt og samarbeid med den lokale reiselivsnæringa
bidra i planlegging og gjennomføring av arrangement og aktivitetar
bidra til marknadsføring av museet, særleg i sosiale medium
praktiske og administrative oppgåver knytt til drift av museet
andre museumsfaglege oppgåver etter kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
relevant utdanning på minimum bachelornivå innan kunst, formidling, kultur eller reiseliv
erfaring frå museumsarbeid, publikumsmottak, undervisning eller vertskapsrolle er ein fordel
god munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
interesse for kunst og kunsthistorie
grunnleggjande digital kompetanse
arbeider sjølvstendig og strukturert
personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
40 % fast stilling. Arbeidstida vert gjennomsnittsberekna gjennom året, med høgare arbeidsbelastning i sommarsesongen når museet har faste opningstider
ei spennande og meiningsfull stilling i eit stort museum med nasjonalt og regionalt ansvar for kunst og kulturarv
fagleg dedikerte kollegaer
høve til å arbeide med kunstformidling, service og marknadsføring til eit breitt publikum
god offentleg tenestepensjon gjennom Kommunal landspensjonskasse – KLP
Fem veker ferie
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Arbeidsstad er ved Anders Svor-museet i Hornindal og ved kontorfellesskapet til Viti i Volda sentrum. Noko reising til hovudkontoret for avdelinga i Ålesund sentrum må påreknast. Det er ein fordel om søkjaren har førarkort.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Søknadsfrist: 10.april 2026
Ferdigheter
- Digital kommunikasjon
- Eventplanlegging
- Kunsthistorie
- Museologi
- Utvikling av markedsførings- og kommunikasjonskonsepter
- Vertsrolle i publikumsmottak
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.
- Sektor: Privat
- Sted: 6763 Hornindal
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Museumsformidler
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
museumsmedarbeider, formidling, kunsthistorie, publikumsmottak, marknadsføring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455918616
- Sist endret


