Vernepleier og helsefag
Time kommune
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar og helsefagarbeidar
Bryne Aktivitetssenter ligg i Sivdamsenteret på Bryne, og gjev dagtilbod til vaksne med redusert fysisk og/eller kognitiv funksjon.
I Miljøtenesta er me ein fin gjeng med tilsette, og på grunn av eit auka tenestebehov i avdelingane, treng me fleire med på laget.
Me har ledig følgjande stillingar:
1 fast 100 % stilling dagtid for tiden ved Bryne aktivitetssenter og 4 kver helg med langvakter i Kringlemyr.
1 fast 80 % stilling dagtid for tiden ved Bryne aktivitetssenter
Dagtid ved Bryne aktivitetssenter inneber enkelte dagar at me startar og sluttar vakta vår ute i ein bolig.
Er du ein person med rett kvalifikasjon, erfaring frå og interesse for å arbeida med personar som har samansette funksjonsnedsettingar, håper me at du søkjer.
I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er verdi og rammeverk for tenesteytinga. Me er ein klin- OBS kommune. Det vil verta lagt vekt på at du er eigna for stillingane.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar
- samarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare på
- arbeida både sjølvstendig og i team
- bidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- sørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterte
- bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø
- likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre
- det inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, har medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.
- rettleia studentar, elevar og lærlingar i praksis
I miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemming og fellesskap i samarbeid med pårørande. Eit av satsingsområda til miljøtenesta er implementering av positiv atferdsstøtte (PAS) som verdi og rammeverk for tenesteytinga. Ernæring og "Bra mat" er også et viktig satsingsområde. Me har fokus på samdrift på tvers i heile kommunen.
Me jobbar for å halda eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha det beste for brukarane i fokus.
Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptekne av at alle skal trivast på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad.
Kvalifikasjonar
Vernepleiar og helsefagarbeider
-Erfaring med miljøterapi og tiltaksarbeid
-Erfaring med dokumentasjon og evaluering
-Kjennskap til kapittel 9 er ein fordel, men ikkje eit krav
-Personleg egnethet vektlegges
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som:
-er trygg når andre blir urolige.
-er rolig når tempoet auke.
-ein som veit at utvikling ofte skjer sakte — men at den skjer
-tåler krevande situasjoner uten å ta det personleg
-bygger relasjon før du stiller krav
-ser etter årsak, ikkje bare reaksjon
-legg merke til de små endringane som betyr mykje over tid
-har gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
-sertifikat klasse B kreves
-det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
-det er krav om politiattest
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 10, 4344 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453915511
- Sist endret



