Rovviltkontakt - Oslo, Akershus, Asker og Bærum
Statens Naturoppsyn (SNO)
- Frist 7.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst på ein spennande jobb som rovviltkontakt?
Stillinga som rovviltkontakt, fast tilsett på tilkalling i Statens naturoppsyn (SNO), gir deg høve til å jobbe i felt med innsamling av viktige data som har stor betydning for forvaltninga av store rovdyr. Stillinga er knytt til éin eller fleire kommunar, og du må ha god lokalkunnskap. Det er viktig at rovviltkontakten kan løyse oppgåvene i god kontakt og dialog med beitebrukarar og lokalsamfunnet elles. Rovviltkontakten utfører oppgåver på dei arbeidsområda og i det geografiske området som blir bestemt av den fagansvarlege for rovviltdokumentasjon i lokalt SNO. Oppgåvene skal løysast i tråd med fastsette instruksar og elles på den måten og i den prioriteten som SNO bestemmer.
Arbeidet som lokal rovviltkontakt er eit bierverv. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og arbeidstida vil vere varierande, styrt av hendingar og avhengig av behov. Vi strekar under at den enkelte arbeidstakaren sjølv må passe på at den samla arbeidsbelastninga i hovudarbeidsforholdet og arbeidet som rovviltkontakt ikkje overstig det som er forsvarleg.
Naturoppsynsmyndigheit er ikkje ein del av rolla som rovviltkontakt. Arbeidet krev god rolle- og aktørforståing og at ein følger policyen til arbeidsgivaren og HMS-reglementet som gjeld innanfor dei aktuelle arbeidsområda og oppgåvene. Rovviltkontakten har plikt til å delta på kurs og andre kompetansehevande tiltak i regi av SNO.
Arbeidsoppgåvene er styrte av hendingar og krev stor fleksibilitet med tanke på planlegging og gjennomføring. Du må rekne med å bruke din eigen bil. Bilbruken blir dekt etter statlege satsar.
Hovudgeografien for denne stillinga er Oslo, Akershus, Asker og Bærum. Ved behov kan rovviltkontakten bli spurd om å ta på seg oppdrag i andre geografiske område.
Stillinga sine hovudansvarsområde
gjennomføre skadedokumentasjon ute i felt ved mistanke om rovviltskadar på husdyr
kontrollere tilfeldige meldingar om rovvilt, som har prioritet for registrering i samsvar med overvakingsprogrammet for rovvilt
kvalitetssikre og rapportere innsamla faglege data i samsvar med instruksar
planlegge og organisere sitt eige feltarbeidsområde innanfor gjeldande instruksverk og retningslinjer
eigenadministrasjon innanfor timelister, reiserekningar mv.
avlaste kollegaer innanfor ansvarsområdet ved behov
bistå i opplæringa av nytilsette rovviltkontaktar
kontakt med lokale beitebrukarar, aktuelle kommunar, grunneigarar, lokale samarbeidspartar, interesseorganisasjonar og publikum
informasjons- og representasjonsoppgåver for SNO ved behov
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Det er ingen krav om formell utdanning, men du må ha god generell feltkompetanse og erfaring frå sjølvstendig arbeid.
Det blir lagt vekt på kompetanse innan fagområdet og felterfaring frå rovviltarbeid.
Det krevst god lokalkunnskap om området du skal arbeide i, og det er forventa at du har fast tilhald i området.
Det blir lagt vekt på innsikt og kunnskap om rovviltforvaltning generelt og om verksemda til SNO spesielt.
Du må ha alminneleg gode kunnskapar om bruk av dataverktøy, og gode kunnskapar om bruk av GPS er ein fordel.
Det blir lagt vekt på erfaring frå samarbeid innanfor beitenæring/-organisasjonar.
Det er nødvendig med god evne til positiv relasjons- og tillitsbygging overfor aktuelle brukargrupper.
Søkarane må ha godt omdømme i det lokale arbeidsområdet og god vandel. Referansar kan bli innhenta frå kommunar og lokal beitenæring.
Vi tilbyr
fast stilling på tilkalling, normalt inntil 300 timar per år
stilling som teknikar og med lønn på for tida kr 247,- per time (statens lønnsregulativ) opplæring i gjeldande policy, metodar og HMS-reglement
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er regionalt fagansvalig i SNO, Ida Glemminge. Tlf. 99626836 eller e-post ida.glemminge@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 19-2026 SRD når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
FerdigheterAI-generert
- Data Reporting
- Etterforske dyrerelaterte hendelser
- Forvaltningskompetanse
- Kvalitetssikring
- Skadetaksering
- Viltforvaltning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo, Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grensesvingen 7, 0661 Oslo
- Flere arbeidssteder: Asker, 1380 Heggedal
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rovviltkontakt, statens naturoppsyn, feltarbeid, skadedokumentasjon
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455078945
- Sist endret




