Festivalsjef - Tysnesfest (100 % stilling)
Kulturkontoret AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 600 000 - 1 000 000 kravhengig av erfaring, prosjekt- og ansvarsomfang
Har du lyst til å leia ein av Noregs mest særeigne festivalar?
Tysnesfest er ein av Vestlandets mest særeigne og etablerte festivalar — tre dagar med musikk, kultur og fellesskap i spektakulære omgivnader på Tysnes. Festivalen samlar over 5 000 publikummarar dagleg og er ein viktig kulturinstitusjon i regionen.
BT har omtalt Tysnesfest som “Noregs mest spinnville festival – deilig anarkistisk og komplett uforutsigbar.”
Stillinga er tilsett i Kulturkontoret AS, som utviklar og driv Tysnesfest og fleire andre kultur- og utviklingsprosjekt i regionen.
Tysnesfest har vore leia av same festivalsjef i nær ti år. No vert det gjennomført eit planlagt leiarskifte, og me søkjer ein festivalsjef som vil ta det operative og strategiske hovudansvaret for festivalen vidare. Dagens leiing vil framleis vere involvert gjennom Kulturkontoret AS og bidra til kontinuitet og vidare utvikling.
Om rolla
Som festivalsjef har du det overordna ansvaret for Tysnesfest si utvikling og gjennomføring. Du set saman med styret den kunstnariske retninga, leiar programmeringa og har ansvar for økonomisk resultat, kommersiell utvikling og organisasjon.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar i Kulturkontoret AS og til styret i Stiftinga Tysnesfest.
Hovudansvar
Heilskapleg leiing av Tysnesfest — kunstnarleg, strategisk og økonomisk
Resultat- og budsjettansvar
Kunstnarleg profil og programmering
Sponsorsal og utvikling av partnarskap
Relasjonsbygging mot artistar, bransje, næringsliv og samarbeidspartnarar
Leiing av produksjonsteam og samarbeid med arenaansvarlege
Representere festivalen eksternt
Festivalen vert utvikla i tett samarbeid med Kulturkontoret AS, der både dagleg leiar og sentrale nøkkelpersonar er aktivt involverte i vidare strategisk arbeid. Endeleg fordeling av oppgåver — til dømes innan booking eller andre funksjonar — vert avklart i dialog med rett kandidat.
Organisering og rolleutforming
Stillinga er ei fast 100 % tilsetjing i Kulturkontoret AS, der Tysnesfest vil vere ditt kjerneoppdrag.
Kulturkontoret AS er eigd av Stiftinga Tysnesfest og Tysnes Kraftlag og utviklar og driv fleire kultur- og utviklingsprosjekt i regionen. Selskapet har i dag roller i mellom anna Festidalen, Utkant, First Lego League Sunnhordland, og fleire prosjekt i Stiftinga Framtidshavet, blant anna Rein Hardangerfjord.
For rett kandidat kan rolla òg utvidast med ansvar innan kommunikasjon, reiseliv eller andre prosjekt i Kulturkontoret si portefølje. Samla ansvarsområde vert fastsett ut frå kompetanse, erfaring og rolleomfang.
Kven me ser etter
Me søkjer ein trygg og ambisiøs leiar med gjennomføringskraft og strategisk blikk. Du trivst i skjeringspunktet mellom kunst, kommers og organisasjon og er komfortabel med både langsiktig utvikling og operative avgjerder.
Me ønskjer at du har:
Erfaring frå festival, kulturverksemd eller større prosjektleiing
Lokal forankring eller god kjennskap til regionen
Erfaring med budsjett- og resultatansvar
Forretningsforståing og evne til å utvikle inntektsgrunnlag
Sterke relasjons- og kommunikasjonsevner
Erfaring med å leie og motivere team
Det er ein fordel om du har nettverk i musikkbransjen og erfaring med booking eller sponsorarbeid.
Me tilbyr
Ei sentral leiarrolle i ein etablert og respektert festival
Eit aktivt og profesjonelt kulturmiljø i regionen
Moglegheit til å forme både rolle og kunstnarisk retning
Fast 100 % stilling
Løn og ansvarsomfang vert fastsett ut frå kompetanse og samla rolle
Muligheter for profesjonell utvikling og nettverksbygging
Fleksibilitet i arbeidstid
Ferdigheter
- Arrangementsledelse
- Budsjettansvar
- Personalansvar
- Prosjektledelse
- Strategiutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sitat bt.no:
"– Her er profilen at man kan booke alle band man har hørt om noensinne. Tysnesfest er Norges mest spinnville festival med noe for mildt sagt enhver smak. Deilig anarkistisk og komplett uforutsigbar, sier Lønningen.
Det er ingen andre festivaler i verden man kan oppleve artister som Trang Fødsel, Sushi x Kobe, The Prodigy og Smokie på samme scene på samme kveld."
- Sektor: Privat
- Sted: 5680 Tysnes
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Kultur og museum, Ledelse, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
festivalsjef, økonomisk, relasjonsbygging, prosjektleiing, strategi
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454870200
- Sist endret

