Anestesisykepleier
Helse Bergen HF
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Anestesisjukepleiar
Haukeland universitetssjukehus har sett seg eit ambisiøst mål om å unngå å stryke planlagde operasjonar. For å lukkast søker vi kompetente anestesisjukepleiarar for å avhjelpe ved operasjonar der ein har fått upårekna fråvære.
Vi søker anestesisjukepleiar som er trygg i kompetansen sin og som kan gli inn i arbeidslag som arbeider ut i frå allereie godt etablerte prosedyrar. Det er dei planlagde inngrepa vi ønsker å sikre at skal går som forutsett. God opplæring tilbys.
Det første året vil stillinga ha dagarbeidstid. Framtidig endring og omorganisering i sjukehuset kan føre til endring av arbeidstid til turnus og helgearbeid. Stillinga er fast 100% stilling. Organisatorisk høyrer du til under Dagkirurgisk seksjon, men dagleg arbeid vil variere på ulike seksjonar i KSK.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus, og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt.
KK/Auge, Thorax, Dagkirurgisk, OT, Kir1, Kir2 og HH er seksjonane som vi søker å tilsette anestesisjukepleiar på. Vi søker etter anestesisjukepleiar som kan jobbe på fleire seksjonar, med base på dagkirurgisk seksjon.
Stillinga er fast 100% og ein blir tilsett i dagstilling
Arbeidsoppgåver
- Ansvaret for å planlegge og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Delta i daglege driftsoppgåver
- Stillinga inneber ein spennande og variert kvardag der pasientbehandling står i fokus
- Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan anestesisjukepleie
- Erfaring frå arbeid på tvers av einingar
- Gode datakunnskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Store faglege utfordringar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Anestesisykepleie
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Anestesi
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
anestesisykepleier, dagkirurgi, KSK
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454569269
- Sist endret





